Nyhet

Berekraftsveke på Oslo Voksenopplæring Sinsen

I veke 38 arrangerte ei gruppe lærarar på Oslo Voksenopplæring Sinsen ei berekraftsveke med ulike foredrag, utstillingar og aktivitetar. Berekraftsveka var ikkje direkte knyta til prosjektet i Den naturlege skulesekken (DNS), men likevel var dette initiativet ei forlenging av erfaringane frå DNS-prosjektet, i følgje lærarane sjølv.

Problemstillinga til prosjektet i DNS er «Hvilke muligheter har Oslos innbyggere til å påvirke hvordan naturmiljøet i byen bevares, brukes og utvikles?». Dette var og eit tydelig fokus under berekraftsveka. Mellom anna planta elevane krokusløk i skulegarden, kombinert med at ByBi birøktarlag haldt foredrag om biologisk mangfald og birøkt. I tillegg haldt Bellona, Bjørvika Utvikling og Renovasjonsetaten foredrag om høvesvis forureining og klimautslepp, urban dyrking og kjeldesortering.

Elevane formulerer eigne klimaråd. Elevane formulerer eigne klimaråd.

Ingrid Eikeland frå DNS vitja skulen på fredagen i berekraftsveka. Denne dagen hadde lærarane laga ei utstilling i kantina om forbruk og gjenbruk, gjennomføringa vart gjort i lunsjen. I utstillinga var det mellom anna fokus på å lage ulik kosmetikk (krem, skrubb, leppepomade) ved å bruke vanlige kjøkkeningrediensar som rapsolje, natron, salt og kaffigrut. Her fekk elevane teste produkta og ta med seg testar heim. I ein annan del av utstillinga var det fokus på elevane sine miljøråd, t.d. kva tiltak gjennomfører dei i kvardagen for å kaste mindre mat. Det mest populære tiltaket frå elevane var å ha oversikt over kva ein har i kjøleskapet til ei kvar tid. Av meir generelle miljøråd vart det blant anna nemnt at elevane tek kollektivtransport og prøver å bruke færre plastposer.

Ei av utfordringane ved å gjennomføre tverrfaglege prosjekt ved Oslo Voksenopplæring Sinsen er at det ikkje finnes faste klassar, men at elevane er fleksible til å ta dei faga dei treng. Det er difor vanskelig å få til ei kontinuitet i eit meir DNS-retta prosjekt. Då ser det ut til at ei berekraftsveke, med små drypp gjennom veka, til og med i lunsjen, er eit godt tiltak for å sørgje for å engasjerte og involvere flest mogleg elevar.

Utstillinga i kantina i lunsjen. Utstillinga i kantina i lunsjen.