Passer for

  • barnetrinn 1-2
  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7
  • historie
  • matematikk
  • mat og helse
  • naturfag

Dagleglivet på Moltu gjennom 100 år, Moltu skule

Dette prosjektet skulle gje elevane eit innblikk i si eiga nære historie og knyte skulen og elevane tettare til levande kulturminne i bygda. Skulen ser at samfunnet som heilskap fyk fort av garde og elevane sin kjennskap til si nære historie i bygda vert dårlegare og dårlegare. Moltu har vore ei bygd med nær knyting til havet sine ressursar gjennom fiskeindustri, og fiskarbønder som nytta ressursane både på land og til havs, var vanlege også her.

Læringsarena: sauekvia (innhegning), Runde miljøsenter, fiskefelta utanfor Moltu, naustet, den gamle sildeoljefabrikken, klasserommet og skulekjøkkenet.

bilde 1 moltu Foto: Moltu skule

Undervisning for bærekraftig utvikling i samarbeid med ekstern aktør

Folket her ute på øyane bor «midt i matfatet» - vi er næraste nabo til eit av landets rikaste fiskeriområde, både no og gjennom historia. Dette er stor rikdom, som må utnyttast godt og vernast om med respekt, dersom komande generasjonar også skal få glede av dette.

Historielaget har vore involvert ved å gjeve kompetanseheving til både elevane og lærarane. Vår bygd ligg på vestsida av den største øya i Herøy kommune, og dei gode beitemarkane i fjella her gav sommarbeite for dyra til folk på dei mindre øyane i kring. Folket her ute på øyane har i mange hundre år vore fiskarbønder. Havet og jordlappane har til saman lagt grunnlaget for busetnad her ute Gurskøya. Der kom ein frå historielaget og fortalde om grunnen til at ein hadde ei slik kvie (innhegning), og korleis ho vart nytta.

Vi har og nytta Runde miljøsenter som ein ekstern aktør i prosjektet. Runde miljøsenter har fokus på miljø og bærekraftig utvikling. Vi var ein dag der ute på senteret, med heile skulen. Vi fekk først sjå filmen «Havets sølv», før Nils Roar Hareide synte oss i praksis korleis silda, torsken og fiskarane «står i kø» på bankane utanfor øya. Vi fekk høyre og sjå kvar Runde og Mørebankane ligg i skipsleia og fekk demonstrert kor lang 12-milsgrensa er, då nautiske mil er avstandar som er vanskeleg for barn å sjå for seg. Då fekk vi for alvor auga opp for kor nært både fiskefelta og fuglefjellet – dei føreslegne prøveboringane etter olje kan gå føre seg. Elevane på 7. trinn fekk vitje utstilliga «Kaldt hav» på Runde miljøsenter og arbeide med miljø- og ressurs-perspektivet på havområda kring oss.

Vi knytta kontakt med lokale fiskarar og fekk vere med å fiske. Her fekk elevane lære seg «fiskemed», og prøve seg med kva arbeid det er som ligg bak før vi kan setje oss til middagsbordet og ete nydregen torsk. Vi fekk prøve oss på å gjere opp sild og torsk og å legge i salt og hengje opp.

tabell moltu

Omtale av opplegget

Prosjektet vårt har stor del av historie i seg og såg på korleis vi privat og i næringssamanheng har fiska, foredla og konservert fisk for sal. Vi har sett på kor sårbart miljøet i havet er for påverknad frå oss menneske. Silda og sildefiske er og har vore særs viktig for folket her på øyane. På 50 og 60-talet var det eit stort overfiske av sild her, noko som resulterte i ein nedgang i torskebestanden og ein stor nedgang i Lundebestanden på Runde.

  • Opplegget starta med besøk på Runde miljøsenter. Der fekk 7. trinn også vitje utstillinga «Kaldt hav». 
  • Saman med lokale fiskarar har elevane frå 5.–7. trinn vitja fiskefelta utanfor Moltu, kor dei prøvde seg som fiskarar i vinterfisket. 
  • Elevane har lært om ulike metodar folket på Moltu har nytta for å ta vare på og foredle fisk. I naustet har dei eksperimentert med eldre konserveringsmetodar og samanlikna desse med måten sild og torsk vert konservert på i dag. 
  • Dei har vitja saudekvia, som er ein sankestasjon for alle som hadde dyr på Moltu. Dette er no eit historisk minnesmerke som vart gjenreist i høve 2000 års-jubileet. 
  • Dei har og vitja Runde miljøsenter for å få kjennskap til «silde-historia» både før og no. Der har dei sett på Mørebanken i eit miljøperspektiv.
  • Dei har vitja den gamle sildoljefabrikken, Silfas, kor dei hadde ein historisk vandring. 
  • Elevane har og gjort i stand fiskemåltid. Så inviterte dei alle heimane på ein sjølvprodusert 10 rettars torske- og sildebuffet. 
  • I mai deltok 6. trinn på temadagar i regi av Sunnmøre museum, med temaet Flåværleia, som beskriv livet i havlandet. Dei har og ein ekskursjon til Flåvær, som er eit fråflytta, lite fiskevær som sokna til Moltu og Moltu skule.

bilde 2 moltu Foto: Moltu skule

Refleksjon over «Dagleglivet på Moltu gjennom
100 år»

Arbeidet med dette prosjektet har vore særs interessant og engasjerande for elevar, lærarar, foreldre og bygda elles. Alle deltakarane i prosjektet har lært mykje nytt og «gammalt» som vi ikkje visste om bygda og historia vår. Både elevar og vaksne har blitt meir medvetne om kva for «gylden holme» vi sit på her ute i havlandet og kor sårbare desse ressursane er for menneskeleg påverknad og forbruk.

bilde 3 moltu Foto: Moltu skule