Norsk Bremuseum

Norsk bremuseum logo
Beskrivelse:

Tildelt midler: 2015/2016

Trinn: Vg1

Fag: Naturfag, samfunnsfag og norsk

Type: Utvikle undervisningsopplegg

Prosjektet Skulens klimarapport har som hovudmål å styrke medvete om klima og miljø gjennom ei brei satsing inn mot skuleverket. I samarbeid med Firda vidaregåande skule skal Norsk Bremuseum utvikle eit undervisingsopplegg der lærarane tek elevane med ut i naturen og ut i skulens nærmiljø. Tiltaket har som målsetting å bevisstgjere om lokale konsekvensar av den globale oppvarminga og kva som kan gjerast i høve klimatilpassing og berekraftig utvikling og omstilling i lokalsamfunnet.

Norsk Bremuseum

Ved bruk av konkrete lokale problemstillingar, utforskande arbeidsmetodar og praktisk tilnærming, ynskjer vi å auke både elevanes og læraranes kompetanse innanfor berekraftig utvikling, med særleg vekt på eit klimaperspektiv. Dette håpar vi kan vera med på å legge eit grunnlag for ein sunn berekraftig tankegang som elevane tek med seg i vidare utdanning og yrkesliv, men og i eit samfunn i stadig endring.