Nærøyfjorden Verdsarvpark

Nærøyfjorden verdsarvpark
Beskrivelse:

Tildelt midler: 2013/2014
Trinn: 8–10
Fag: Naturfag, samfunnsfag og norsk
Type: Undervisningsopplegg og undervisningsmateriell

Nærøyfjorden Verdsarvpark satsar på ungdom i utviklinga av staden gjennom involverande aktivitetar som fremmer kunnskap. Det er utvikla og gjennomført to pedagogiske opplegg i samarbeid med Aurland barne- og ungdomsskule og Lærdalsøyri skule. Målet med ungdomsskolesatsinga til parken er å skape betre grunnlag for å samarbeide på tvers av kommunegrenser og mellom ulike aktørar i nærmiljøet. Økt kunnskap, medvit og stoltheit om særlege natur- og kulturverdiar i regionen kan gjere at fleire ser kor viktig det er å ta vare på desse. Dette vil igjen kunne inspirere til å vidareutvikle entreprenørskapskulturen i regionen.

 

Nærøyfjorden verdsarvpark bilde

Klassene på 8. trinn ved disse skolane har fått undervisning om verdsarven og verneområda, og har vore med på workshops i både vertskap og analyse av ressursane på staden («På skattejakt i eiga bygd»). Gjennom analysen skildra elevane kjenneteikn og kvalitetar ved bygda og landskapet rundt ut frå gitte kriterie og blei meir bevisste på kva området har å by på og kva som finst der av både utfordringar og moglegheiter. Vertskapskurset sette fokus på korleis vi er eit «godt vertskap». Målet er at elevane på slutten av ungdomsskolen skal ha gjennomført eit 3-årig vertskapsprogram der dei blir sertifiserte verdsarvvertar.

Begge skolane ønsker at opplegga skal bli faste og å ta del i aktivitetane som er planlagde for 9. og 10. klasse også. Verdsarvparken ønsker å samarbeide med fleire skoler i regionen om tilsvarande undervisningsopplegg og utvikle undervisningsmateriell om stadsressursanalyse og vertskapsprogram.