Hopp til hovedinnhold

Utforsking i Roaldsand fuglefredingsområde

Elevane på Vigra skule får gå på oppdagingsferd i fjæra for å lære om økosystemet her og korleis menneska påverker dette. Gjennom arbeidet er elevane aktive i å artsbestemme, utforske, observere og registrere data.  Vidare skriv dei tekstar om det dei har funne ut og diskuterer samanhengar i naturen og mellom menneske og natur.

 

 

vigra IMG_20150828_110304

Tverrfaglig undervisning for bærekraftig utvikling

Vi ønskjer at elevane skal knytte meining til omgrepet berekraftig utvikling. Temaet er gjennomgripande og ikkje berre begrensa til naturfaget og ein naturfagstime. Dette kan elevane berre forstå viss dei får oppleve det, og dermed bør vi legge til rette for ei undervisning som inkluderer fleire fagfelt og ulike tilnærmingar.

mål  

Tabell 1, flerfaglig undervisning

 

Utforskende undervisning for bærekraftig utvikling

Å leggje til rette for utforskande undervisning er etter vår erfaring noko vi må øve vidare på. Å gi elevane sjansen til å bli inspirert og engasjert, for deretter å få utforske, forklare og kommunisere sine kompetanser er ein viktig føresetnad for god, utforskande undervisning for bærekraftig utvikling. Det same gjeld for undervegsvurdering og vidare utviding av kompetanse.

5E  

Tabell 2, utforskende undervisning: På oppdagingsferd i fjøra. 

 

Refleksjon over elevenes handlingskompetanse

Vi ønsker at elevane skal sitje att med kunnskap om livet og næringskjedene i fjøra, samt korleis menneska kan påverke livet i fjøra. Vi har inntrykk av at elevane sit att med eit genuint ønske om å ta vare på fuglefredingsområdet. Dei skjøner no at dette ikkje gjerast av seg sjølv. Dei ser samanhengar i naturen vår, og haldningar som miljøbevisstheit for å bevare økosystemet i fjøra, samt respekt for fugle-, dyre- og plantelivet i fjøra vert satt i sentrum i undervisninga.

Vigra IMG_20150826_11432vigra 5

I ei elevaktiv undervisning har elevane fått øving i å artsbestemme, utforske, observere, registrere data og sjå samanhengar i naturen. Dei har også under heile prosessen gjort skrivearbeid, samt vore utfordra på å diskutere og samarbeide.

Vårt ønske er at kunnskapen og ferdighetene elevane sit at med om Roaldsanden skal gi dei handlekraft og handlingskompetanse for berekraftig utvikling.

handlingsk

Figur: Beskriv hvilke kunnskaper, ferdigheter og holdningsmål elevene har utviklet 

 

Evaluering av prosjektet

Prosjektet har dette året blitt stablet på beina. Vi har starta eit arbeid som vi ser gir meining for elevane. Dette skuleåret har to lærarar hatt ansvaret å utvikle prosjektet. Vi har nytta oss av alle lærarane sine idear i ein "idè-workshop" med dette prosjektet som tema. Underteiknede har òg oppdatert dei andre pedagogane ved skulen på det som har vore tema på samlingane til Den Naturlige Skolesekken.

Vi har etter evaluering av årets undervisning i prosjektet blitt samde om at naturfagslærarane i alle klassene bør vere involvert i samarbeid om neste års utviding og fortsetjing av prosjektet. Dette året har 1., 2., 6. og 7. klasse vore direkte involverte i prosjektet. Neste år er målet at alle klassene skal vere med.

Ein idèbank med læringsaktivitetar skal utvidast og gjerast lett tilgjengeleg for alle lærarane. Vi vil etter neste "idè-workshop" bli samde om kva nyttig utstyr vi bør kjøpe inn for å forbetre læringsaktivitetane.

I og med at Vigra skule neste år vil bli fulldigitalisert vil vi òg legge til rette for at rammene rundt elevane sitt skrivearbeid vil bli utvida og forbetra. Fulldigitaliseringa skaper nye moglegheiter for dette prosjektet. Det vert mogleg for dei eldste elevane å gå på "presentasjonsbesøk" til andre og vise fram sine arbeid frå prosjektet - til dømes bøkene dei laga i Book Creator på iPad.

Vi vil også i tråd med vår visjon "eleven som ressurs" gjere nytte av faddersamarbeid. Dei eldste elevane kan ta med fadderborna sine i utforskande læring i fjøra.

I det praktiske arbeidet i fjøra har elevane fått munnlege undervegsvurderingar rundt det praktiske arbeidet dei har gjort der. Vidare har elevane blitt vurdert ut frå sine evner til å bruke kunnskapen og ferdigheitene sine til å gi meining til omgrepet berekraftig utvikling.