Nyhet

DNS-skular løftast fram

I løpet av den siste tida har fleire skular som er eller har vore med i Den naturlege skulesekken fått merksemd for sitt arbeid med utdanning for berekraftig utvikling.

 Klimaseminaret, som blei heldt den 1. november, vann Firda vidaregåande skule Utdanningsforbundets klimapris for 2018. Firda, som var med i DNS frå 2012 til 2016, fekk prisen for prosjektet «Grøn skule» der dei mellom anna har sett på kva som skjer med landskap og busetting når klimaet endrar seg og blir våtare.

På det same seminaret var også to andre DNS-skular inviterte til å snakke litt om deira prosjekt. Både Brønnerud skule og Vøyenenga skule har tidlegare vore med i Den naturlege skulesekken, og det er flott å sjå at dei fekk dele sine røynsler på seminaret.

Berekraftig utvikling er ei av dei tre tverrfaglege temaa i fagfornyinga, noko som viser kor viktig utdanning for berekraftig utvikling kjem til å bli. I høve fagfornyinga arrangerte FIKS ein fagleg frukost den 7. desember der berekraftig utvikling sto på dagsordenen. På arrangementet fekk mellom anna Drøbak Montessori ungdomsskule presentere kva dei gjer for å jobbe med berekraft. Både rektor og fleire elevar frå skulen var til stades, og dei deltok også på ein paneldiskusjon.

Klimaprisen 2018