Nyhet

Naturmangfald og berekraftig utvikling i mange fag

Kva betyr tap av naturmangfald for oss? Korleis kan vi arbeide med berekraftig utvikling på tvers av fag? Dette er to viktige spørsmål som deltakarene i Den naturlege skolesekken fekk meir innsikt i på konferansen 7. februar 2020.

­Naturmangfald

Prosjektleiar Eldri Scheie ønska velkommen og opna konferansen med å nemne DNS-prosjekt frå nord til sør i landet vårt. Naturfotografen Tom Schandy og leiar av Sabima, Christian Steel, fekk på kvar sin måte fram kor viktig det er at vi tar vare på naturmangfaldet. Fotografen tok oss med inn i skogens indre gjennom linsa hans. Dei flotte bilda av dyr og skog appellerte til publikum, og var ein viktig påminning om kva vi står i fare for å miste. Steel fortalte korleis viktige artar er eit skattkammar for både industri, medisin og samfunn. Han presiserte at i modellen for berekraftig utvikling er det miljømessige aspektet sjølve fundamentet og ein føresetnad for berekraftige sosiale og økonomiske forhold.

Prosjektleiar Eldri Scheie ønska velkommen og opna konferansen med å nemne DNS-prosjekt frå nord til sør i landet vårt. Foto: Naturfagsenteret Prosjektleiar Eldri Scheie ønska velkommen og opna konferansen med å nemne DNS-prosjekt frå nord til sør i landet vårt. Foto: Naturfagsenteret

Leiar av Sabima, Christian Steel, viste ein modell for berekraftig utvikling som får fram at det miljømessige aspektet er sjølve fundamentet og ein føresetnad for berekraftige sosiale og økonomiske forhold. Foto: Naturfagsenteret Leiar av Sabima, Christian Steel, viste ein modell for berekraftig utvikling som får fram at det miljømessige aspektet er sjølve fundamentet og ein føresetnad for berekraftige sosiale og økonomiske forhold. Foto: Naturfagsenteret

Ein fullsett sal. Foto: Naturfagsenteret Ein fullsett sal. Foto: Naturfagsenteret

Berekraftig utvikling i fleire fag

Anja Gabrielsen, USN, introduserte boka Bærekraftdidaktikk som handlar om korleis ulike fag kan ha ulike innfallsvinklar til berekraftig utvikling. Vi fekk ein smakebit frå boka med utgangspunkt i faga matematikk, norsk, engelsk og framandspråk og historie. Håvard Eng, UiO, viste korleis brøk, samanlikningar og algoritmar kan brukast til å forstå mellom anna klima, haldningar mellom grupper og fordeling av ansvar og ressursar. Kari Anne Rødnes, UiO, løfta blant anna fram at skjønnlitteraturen kan få oss til å leve oss inn i livssituasjonane til andre menneske. Dette kan hjelpe oss til å forstå komplekse problemstillingar innanfor berekraftig utvikling. Ibsens klassikar En folkefiende frå 1882 viser aktuelle problemstillingar rundt vassforureining. Eva Thue Vold, UiO, peika på korleis engelsk og framandspråk kan gjere at vi betre kan forstå andre kulturar og perspektiv. Karsten Korbøl, UiO, stilte spørsmålet om framtidas teknologi kan skape nye problem for oss. Blybensin og KFK-gassar blei sett på som nyttige teknologiske nyvinningar i si tid, men har i ettertid vist seg også å ha store negative konsekvensar. Han presenterte korleis historiefaget, med ulike perspektiv, kan gi oss oversikt over kva for betydning ulike hendingar har hatt og korleis dette er relevant for handlingskompetanse og berekraftig utvikling. 

I siste plenum diskuterte Eldri Scheie kva tverrfagleg samarbeid eigentleg betyr sett ut frå fagfornyinga, før lærarane Ane Kristine Bruland, Anne Folgen og Gunn Jones frå Arendal videregående skole presenterte eigne erfaringar med tverrfagleg prosjektarbeid. Lærarane la vekt på å starte lokalt, med utgangspunkt i feltarbeid på øya Merdø. Med spørsmålet Bør vi slutte å bruke plast? måtte elevane gå i djupna for å finne svar ut frå både samfunnsfag, geografi og naturfag.

Lærarane Ane Kristine Bruland, Anne Folgen og Gunn Jones frå Arendal videregående skole presenterte prosjektet der elevane arbeidde med spørsmålet <i>Bør vi slutte å bruke plast? </i> Lærarane Ane Kristine Bruland, Anne Folgen og Gunn Jones frå Arendal videregående skole presenterte prosjektet der elevane arbeidde med spørsmålet Bør vi slutte å bruke plast?

Elles besto dagen av utstillingar av eksterne aktørar og parallell- og postersesjonar. Skoleleiarane deltok i ein eigen sesjon der dei diskuterte og reflekterte rundt utfordringar, moglegheiter og tilrettelegging av undervisning for berekraftig utvikling ved eigen skole. Tre skolar fekk pris for posteren sin: Husabø skole, Storsteigen videregående skole og Rye skole. Tilbakemeldingane viser at mange opplevde dagen som inspirerande for eige arbeid og at det var nyttig med erfaringsutveksling. Alle posterane kan du sjå her.

Tre skolar fekk pris for posteren sin. Tre skolar fekk pris for posteren sin.

I postersesjonen diskuterte lærarane ivrig med kvarandre og utveksla erfaringar. Foto: Naturfagsenteret I postersesjonen diskuterte lærarane ivrig med kvarandre og utveksla erfaringar. Foto: Naturfagsenteret

  Det blei gode diskusjonar med dei eksterne aktørane. Foto: Naturfagsenteret Det blei gode diskusjonar med dei eksterne aktørane. Foto: Naturfagsenteret