4H Sogn og Fjordane

4H logo
Beskrivelse:

Tildelt midler: 2015/2016
Trinn:
Vg1 restaurant – og matfag
Fag: Naturfag, samfunnsfag og mat og helse
Type: Undervisningsopplegg

Grøne briller – ein økologisk workshop er eit samarbeid mellom 4H Sogn og Fjordane, Sogndal vidaregåande skule, Sogn jord - og hagebruksskule og Matamål Matfestival. Målet er at elevane skal sjå resten av utdanninga si igjennom «grøne briller». Dei skal ut av klasserommet, ned i åkeren og inn i fjøsen for å lære om bærekraft, økologi og lokale matvarer. Dei framtidige kokkane får både kunnskap og eigarskap til det lokale og bærekraftige landbruket når dei kjem seg raskt ut i felten og får opplæring 

Elevane starter med en dag på jord og hagebrukskule i Aurland og møter råvarene der dei veks opp. Vg3-elevane står for opplæringa.

Dei neste to vekene jobbar elevane vidare med å lage menyar ut av råvarene. Dei skal halde matkurs for 4H-born og besøke Gloppen hotell.

Siste helga i september er det på med full kokkeuniform for å drive Barnas Matfestival i lag med 4H-medlemar på Matamål matfestival på Sandane. Då er det brød og sirkus! Da skal både maten, faget og samarbeidet marknadsføres.

sogn 4h