Passer for

  • vg1
  • geografi
  • naturfag
  • samfunnsfag

Klimavenleg energi i hus, Voss gymnas

Klimavenleg energi er eit sentralt emne i berekraftig utvikling. Skulen ynskja at elevane gjennom dette prosjektet skulle få høve til å arbeide med reelle problemstillingar som dei etterkvart vil sjå effekten av. Elevane har møtt kompetansepersonar på området og har fått eit realistisk bilete på avvegingar som måtte gjerast i ein byggeprosess.

Læringsarena: skulen sitt laboratorium med nye installasjonar, biobrenselanlegg

Undervisning for bærekraftig utvikling i samarbeid med eksterne aktørar

Prosjektet «Klimavenleg energi i hus» er lokalt forankra ved at skulen har sett på ulike byggeprosessar i Voss. Undervisningsopplegget er bygd opp ved at både lærarane og elevane får auka sin kompetanse i desse emna ved å involvere fleire lokale eksterne aktørar. Elevane skal undersøkja kva løysingar ein bør nytte i eit nytt skulebygg, men og i bustadhus på Voss, for at bygget skal vera mest mogeleg klimavenleg og energiøkonomisk. Elevane har medverka gjennom fordjupingsprosjekt, og kortare og lengre forsøksprosjekt. I tillegg har elevane medverke i direkte kontakt med eksterne fagpersonar og byggenemnd.

I samarbeid med skulen og dei eksterne aktørane som er inne i dette prosjektet, kan undervisninga fremje elevane sin kompetanse innanfor berekraftig utvikling ved at:
elevane vert medvitne på kva berekraftig utvikling er lokalt og i sær knytt til bygg.
elevane  bereknar innsparing med alternativ energi på skulen sitt noverande bygg som er varma opp med straum og olje.

  • elevane kjem med innspel som kan ha direkte innverknad på enøk i nytt skulebygg, og bidra til ei berekraftig utvikling i praksis.
  • elevane vurderer kva energiøkonomiske installasjonar som eignar seg i eit bustadhus på Voss.

Skildring av opplegget

Ved Voss gymnas har vi gjennom prosjektet «Klimavenleg energi i hus» utvikla eit undervisningsopplegg rundt energibruk i hus. Prosjektet er kopla både til privat hus, noverande skulebygg og til byggeprosessen for nytt skulebygg. Elevane får undervisning i bærekraft både i naturfag, samfunnsfag og geografi. Når me arbeider med dette prosjektet, må elevane nytte kunnskapen frå  desse faga. Dermed møtes faga og munnar ut i eit arbeid som er like mykje naturfag, samfunnsfag og geografi, og dermed gjev grunnlag for vurdering i dei tre faga.

Underproblemstillingane som elevane jobba med på skulen var for eksempel:

  • Korleis verkar solcellepanel og solfangarar, og kor stor vinst er det ved å bruke desse energikjeldene samanlikna med ikkje-fornybare energikjelder?
  • Kva fordeler (og eventuelle ulemper) har biomasse som energikjelde?
  • Korleis kan energiøkonomiske løysingar integrerast i planlegging av bygg?
  • Kva fordeler (og eventuelle ulemper) har biomasse som energikjelde? Korleis ligg Voss an på dette feltet?
  • Kva økonomiske konsekvensar får ei omlegging til klimanøytrale energikjelder?

Elevar skal berekne verknadsgrad av solfangar og solomn. Foto: Trond Herfindal Elevar skal berekne verknadsgrad av solfangar og solomn. Foto: Trond Herfindal

 

Temaet vart introdusert for elevane i naturfag. Denne introduksjonen tok for seg prosjektet i sin heilskap, omgrepet bærekraft, kva som skulle hende og skapa dermed forventingar. På denne tida fekk òg lærarane informasjon av Hordaland bioenergi AS om bioenergi som energikjelde generelt og ei oppdatering på korleis Voss ligg an på dette området. 

Omvisning på biobrenselanlegg. Foto: Trond Herfindal Omvisning på biobrenselanlegg. Foto: Trond Herfindal

Oppgåva til elevane vert så presentert. Dei skal vurdere kva installasjonar som eignar seg for hus på Voss. Dei må gjere målingar. Areal av panel, finne temperatur i vatn og verknadsgrad av solcellepanel og varmepumpe osv. Mange ting måler dei direkte på apparata, andre verdiar som soldøger, temperaturar på Voss og effekt av varmepumper finn dei på nettet. Der finn dei også prisar på dei ulike installasjonane og anbefalingar frå leverandørar. Dermed har dei det materialet dei treng for å gjere si vurdering, kor store panel treng ein, kor mykje energi vil dei samle, og kor lang tid tek det før investeringa er nedbetalt?

Solfangaranlegget er montert på noverande Voss gymnas, og i ei utviding av prosjektet var våre elevar ekspertar og held presentasjon for elevar frå andre nærliggande skular.

voss Klimavenleg

Refleksjon over «Klimavenleg energi i hus»

Energiøkonomisering er eit sentralt emne i berekraftig utvikling. Elevane har i prosjektet «Klimavenleg energi i hus» fått høve til å arbeide med reelle problemstillingar som dei etterkvart kan sjå effekten av. Dei har fått direkte kontakt med kompetansepersonar og eit realistisk bilete på avvegingar som må gjerast i ein byggeprosess, og fått eit meir konkret bilete på kva omgrepet bærekraft kan bety. Elevane har og uttrykt at arbeidet med ekte installasjonar ved skulen har vore engasjerande og lærarrikt.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Bærekraftig utvikling
      • gjøre rede for begrepet bærekraftig utvikling
      • undersøke og beskrive suksesjonsprosesser i et økosystem
      • kartlegge egne forbruksvalg og argumentere faglig og etisk for egne forbruksvalg som kan bidra til bærekraftig forbruksmønster
  • Etter Vg1 - yrkesfaglige utdanningsprogram
    • Bærekraftig utvikling
      • gjøre rede for begrepet bærekraftig utvikling
      • kartlegge egne forbruksvalg og argumentere faglig og etisk for egne forbruksvalg som kan bidra til bærekraftig forbruksmønster
  • Etter Vg3 - påbygging til generell studiekompetanse
    • Bærekraftig utvikling
      • undersøke og beskrive suksesjonsprosesser i et økosystem

Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram

  • Etter Vg1/Vg2
    • Ressursar og næringsverksemd
      • gjere greie for ressursomgrepet og diskutere kva som vert lagt i omgrepet berekraftig ressursutnytting
      • gje døme på og samanlikne ulike former for arealbruk i Noreg
      • drøfte miljøkonsekvensar i norske og samiske samfunn av bruk og inngrep i naturområde
      • gje døme på korleis ein har utnytta ressursane i Noreg og drøfte korleis endringar i næringsstrukturen har påverka lokalisering og busetnadsmønster