Digital nettverkssamling for videregående skoler, 25. september 2020

Sted: Digital
Tid: kl. 09:00-15:00, 25. september 2020

Velkommen til nettverkssamling for de videregående skolene i Den naturlige skolesekken.

På samlingen blir det både gruppearbeid, erfaringsdeling og korte presentasjoner. Samlingen organiseres digitalt og vi ønsker at lærerne som deltar fra samme skole sitter sammen under samlingen. Dere vil få tilsendt et lite forarbeid før samling.

På samlingen skal vi planlegge og diskutere rundt undervisning for bærekraftig utvikling knyttet til

  • erfaringsdeling fra forarbeidet, egne skoleprosjekter og koblinger til nye læreplaner LK20
  • diskusjoner og refleksjoner rundt kritisk tenkning knytta til undervisning for bærekraftig utvikling
  • erfaringsdeling fra vurderingsarbeidet og ulike vurderingstilnærminger i egne skoleprosjekt

Program med tider følger under. Merk at det kan forekomme mindre endringer i programmet, men at tidene for pauser og lunsj er fastsatt.

09:00 – 09:15 Velkommen
09:15 – 09:45 Erfaringsdeling – planlegge undervisning for bærekraftig utvikling
09:45 – 10:00 Pause
10:00 – 11:00 Kritisk tenkning knytta til UBU
11:00 – 11:15 Pause
11:15 – 12:00 Skolepresentasjon fra Blindern VGS – argumentasjon og vurdering
12:00 – 12:30 Lunsj
12:30 – 13:30  Planlegging av et helhetlig skoleprosjekt – skoleeksempel
13:30 – 13:45 Pause
13:45 – 14:00 Gruppearbeid, planlegge eget skoleprosjekt, en oppstart
14:00 – 15:00 Erfaringsdeling, oppsummering
Planlegging i eget skoleprosjekt, videre arbeid

 

Referat frå nettverksamlinga

Det var rundt 54 deltakarar på samlinga for VGS i ‘Den naturlige skolesekken’ den 25. september. Samlinga blei gjennomført digitalt i Zoom.

Målet for dagen var:

• Kritisk tenking: Kva kjenneteiknar ein kritisk tenkar?
• Korleis kan kritisk tenking sjå ut i vurderingsarbeidet – skuledøme Blindern VGS
• Kompleks og verdilada problemstilling: Fra enkeltstående aktiviteter til undervisning for bærekraftig utvikling

Me starta med å ynskje alle deltakarane velkommen. Deretter hadde me ei erfaringsutveksling mellom ny og erfaren skule. Dei skulle snakke om eigne prosjekt, forventningar til deltakinga i Den naturlege skulesekken og erfarne skular skulle gi eitt godt råd til nye skular. Råd som kom opp i plenum var slik som å få leiinga på banen slik at lærarane får rom og tid til å planlegge prosjekta, å nytte seg av ekstern kompetanse og å involvere fleire kollegaer.

Så gjekk me over på delen om kritisk tenking. Her var målet å setje ord på kva som kjenneteiknar ein kritisk tenkar og å knytte dette opp til utdanning for berekraftig utvikling. Deltakarane gjennomførte ein aktivitet med fleire påstandar om kva ein kritisk tenkar er. Desse påstandane var basert på både teori og innspel frå tidlegare lærar. I grupper kategoriserte deltakarane dei ulike påstandane, utan fasit, etterpå var det ei deling i plenum. Lærarane virka til å ha nytte av aktiviteten for å sette ord på og bli medvit eigen praksis rundt kritisk tenking, og korleis dette koplar seg til allereie eksisterande praksis. Som ei avrunding på kritisk tenking aktiviteten, vart det presentert ein sirkelmodell, basert på teori, som eit forslag til kva ein kritisk tenkar kan vera.

Økta om kritisk tenking vart følgt opp av eit skuledøme frå Blindern VGS. Det var då ein lærar frå skulen som presenterte deira prosjekt, ‘klimaprosjektet’. I dette skuledømet vart det eksemplifisert korleis kritisk tenking kan sjå ut i praksis, og særleg opp mot vurderingsarbeidet. Blindern VGS presenterte både ein grupperapport (med tre ulike ‘spor’ som elevane kunne velje) og ein nettdebatt, og kva vurderingskriterier lærarane og elevane jobba ut frå. Gjennom prosjektet var det særleg fokus på korleis elevane kunne argumentere og skape gode ‘debatt-miljø’. Dette var og noko dei andre deltakarane hadde stor nytte av å høyre om.

Delen om kritisk tenking vart vidare knyt til fokuset i DNS på komplekse og verdilada problemstillingar som ein måte å legge til rette for kritisk tenking og utdanning for berekraftig utvikling på. Her vart Sørenget Oppvekstsenter brukt som skuledøme.

Vi avrunda samlinga med å vise fram nokre ressursar og reiskap ein kan nytte seg av for å planleggje eit godt DNS-prosjekt og vi fortalde litt om kva som skje framover. Etter at sjølve programmet var ferdig, lot vi Zoom-rommet stå opent et stund slik at skulane kunne stille spørsmål.

 

Ta kontakt med nettverksansvarlig for videregående skoler i Den naturlige skolesekken om du lurer på noe.