Digital nettverksamling for vidaregåande skuler, 15. april 2020

Det var rundt 30 deltakarar på samlinga for VGS i Den naturlige skolesekken den 15.april. Det var ei annleis samling med tanke på at samlinga var digital og alle satt heime. Nokon deltakarar fekk naturlig nok berre deltatt sporadisk på samlinga då dei og hadde heimeskule/barnehage samtidig.

Målet for dagen var å:

  • analysere nye læreplanar (både overordna del og kompetansemål) med tverrfaglege ‘UBU-briller’
  • gå gjennom eit døme på tverrfaglig vurdering i eit DNS-prosjekt

Samlinga vart gjennomført på den digitale plattformen Zoom. Det fungerte fint, det virka som at deltakarane var vande med den digitale forma. Me starta med å ynskje alle deltakarane velkommen. Deretter prøvde me ut ‘break-out-rooms’ funksjonen i Zoom der deltakarane vart delt inn i tilfeldige grupper på 3-4 personar. Det var satt av 3-4 minutter til å prate om korleis heimekontor-situasjonen fungerer i grupper. Dette gjekk vel fort, deltakarane fekk så vidt prata om dette før me var tilbake i fellesrommet.

I læreplananalyse-delen var det først ei oppfrisking på kva som står om bærekraftig utvikling i Overordna del. Deretter analyserte me dei nye læreplanane, først berre Naturfag, og så fleire fag. Deltakarane fekk 10 minutter til å markere kva deler av læreplanen for Naturfag etter VG1 (teksten om det tverrfaglige temaet bærekraftig utvikling i ‘Om faget’ og kompetansemåla) som hadde direkte føring for utdanning for bærekraftig utvikling, og kva deler som kan fremme UBU. Dette arbeidet hadde me ein kort gjennomføring på i plenum. Før eit lenger gruppearbeid, gjennomgjekk me ein studie som er gjort på fleire DNS-prosjekt med tanke på kva rolle dei ulike faga spelte i prosjektet. Deretter jobba deltakarane 30 minutter skulevis og analyserte andre fag med tanke på kva som hadde direkte føring for og som fremma UBU, med særlig fokus på fag som er aktuelle for deira prosjekt.

I delen om vurdering vart skuledømet Arendal VGS gjennomgått. Dei hadde ein presentasjon på DNS-konferansen i vår, der dei blant anna snakka om vurderingspraksisen i prosjektet deira. Dette dømet vart brukt som utgangspunkt for å diskutere vurdering i eige DNS-prosjekt. Denne delen var kort, og er noko me vil fortsette å arbeide med på neste samling i haust.

Zoom-plattformen fungerte fint. Det var og tilbakemeldingar på at det var godt med variasjon i samlinga, mellom presentasjon, plenumsamtale, gruppearbeid og hyppige pausar. Dette var første digitale møtet som nettverkskontaktane hadde gjennomført, så det var noko spenning knytt til samlinga på førehand, me puster letta ut.

For dei som ikkje hadde høve til å delta på sjølve dagen er det moglig å gjennomføre samlinga anten aleine eller samarbeid med kollegaer gjennom filmopptaket av samlinga. I filmen er det lagt opp til pauser med gruppearbeid/eiget arbeid. Vi tilrår at de legg inn desse pausene og gjer oppgåvene før de går vidare i presentasjonen.