Referat fra regionsamling for barne- og ungdomsskoler i Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust- og Vest-Agder, 19. september 2019

 

 

 

 

Tid: Torsdag 19. september 2019, kl 09.30-15.30

Sted: Universitetet i Sørøst-Norge, Kjølnes Ring 56, Porsgrunn (Rom A-261)

 

 

Program

09:30 – 10:00   Frukt, kaffe og te – og småprat

10:00 – 10:15   Velkommen, innledning og praktisk informasjon

10:15 – 10:30   Erfaringsdeling – oppsummering med helheten i DNS-prosjektet

10:30 – 11:45   Hva legger du i bærekraftig utvikling? Aktivitet I

11:45 – 12:30   Lunsj

12:30 – 13:00   Hva legger du i bærekraftig utvikling? Aktivitet II

13:00 – 13:45   Problemstilling som innfallsvinkel

13:45 – 14:00   Pause med kaffe, te og kake

14:00 – 15:15   Kompetanse for bærekraftig utvikling og arbeid med elevutbytte i eget skoleprosjekt.

15:15 – 15:30   Oppsummering

 

Bilde 1 fra samling i DNS Sør-Øst, 19. september 2019

Referat

Torsdag 19. september møtte lærarar frå 16 ulike skular i region Sør-Aust til regional samling ved campus Porsgrunn. Mål for dagen var å bidra til kompetanseheving innan berekraftig utvikling (BU) og utdanning for berekraftig utvikling (UBU), å auke oppmerksomheiten på elevutbytte i UBU, og å vidareutvikle problemstillinga i eige prosjekt.

Etter velkomst og ein kort presentasjonsrunde, deltok alle i ein Bli-kjent-bingo der ein fekk innblikk i kvarandre sine DNS-prosjekt og også med kvarandre sine berekraftige vanar.

Deretter sat lærarane saman i grupper der nye skular presenterte kort kva planar dei har for DNS prosjektet dette året og kva forventningar dei har for deltakinga i DNS. Dei erfarne skulane fortalde om kva som hadde vore dei viktigaste endringane i prosjektet dei åra dei hadde delteke i DNS. Til slutt delte dei erfarne skulane sine beste råd til dei nye skulane. Det såg ut til at dette var nyttig for både nye og erfarne skular. Gode råd som kom fram var:

  • Ikkje tenkje for stort (råd frå dei fleste)
    • … ein skule anbefalte å derimot «tenkje stort» og få med hele skulen, og at dette blir ein del av skulens identitet
  • «Hald ut» - det blir meir oversiktleg og lettare etter kvart, og det å få med seg andre kollegaer/personalet kan ta tid
  • Få prosjektet inn i årsplanane til skulen
  • Få litt tid i fellestida til å presentere prosjektet og ideane
  • Vurder om skulen også kan bli Miljøfyrtårn
  • Vere fleire lærerar som er involverte i prosjektet
  • Ha noko skriftlig – så andre lærarar lettare kan delta, eventuelt overta.

Så vart det ei økt med fokus på berekraftig utvikling. Dei ulike gruppene gjennomførte eit gruppearbeid der lærarane skulle skrive stikkord/korte setningar om kva dei legg i «Berekraftig utvikling» og kva som skal til for at ein kan undervisninga kan handle om BU. Lappane med stikkord vart så sortert i ulike hovudgrupper/kategoriar: Begrepet BU, tema som eignar seg for undervisninga og undervisning for berekraftig utvikling. Stikkorda vart så relaterte til overordna del i læreplanen.

Bilde 2 fra samling i DNS Sør-Øst, 19. september 2019

Gjennom denne aktiviteten vart lærarane bevisstgjort at det ein gjer i DNS-prosjekta/undervisninga passar med overordna del i læreplanen.

Etter lunsj fekk lærarane prøve seg som elevar gjennom ein tverrfagleg leseaktivitet om eit aktuelt tema (teikneserie om ulv). Gjennom denne aktiviteten fekk dei øving i å gjenkjenne dei tre BU-dimensjonane (sosial, økonomi og miljø) som kom fram i teksten. Denne aktiviteten er eit eksempel på ein aktivitet som kan brukast som ein start på å forstå begrepet BU gjennom ein konkret sak, eller som oppstart på eit tema som for eksempel «biologisk mangfald.

Deretter vart fokus retta mot problemstillingane i DNS-prosjekta. Berekraftig utvikling handlar ofte om problemstillingar som er komplekse og verdilada og som ikkje har eit fasitsvar. Det vart vist eksempel på skuleprosekt der problemstillinga har utvikla seg frå å vere ei «enkel» problemstilling til etter kvart å bli samansett og tverrfagleg. Dei enkelte skulane jobba deretter med eiga problemstilling for gjere denne meir kompleks og verdilada.

Det siste temaet for dagen var «kompetansar». Her vart det tatt opp kva som meinast med kompetanse og kva for fagovergripande/nøkkelkompetansar som er spesielt viktige for ei berekraftig utvikling. Lærarane jobba deretter med eige prosjekt med fokus på kva for kunnskapar, ferdigheiter og haldningar ein vil at elevane skal ha etter endt DNS-prosjekt.

Det vart også gitt ein kort presentasjon av den nye Vestsiden ungdomsskole i Kongsberg, som deltek i DNS i vår region. Dei flytta i haust inn i nytt og klimavenleg skulebygg, og har allereie fått ein klimapris og eit innslag i NRK-programmet Norge nå.

Vi takkar for ei fin samling med stort engasjement og mange innspel undervegs.

Anja og Ingunn

 

Bilde 3 fra samling i DNS Sør-Øst, 19. september 2019