Referat fra nettverksamling for videregående skoler, 17. september 2019

 

 

 

Stad: Radisson Blu Gardermoen

Tid: 17. september 2019, 10:00 – 16:00


Program:

10:00 – 10:45  Velkommen + erfaringsdeling

10:45 – 11:30  Aktivitet: Hva legger vi i bærekraftig utvikling?

11:30 – 12:30  Lunsj

12:30 – 13:00  Aktivitet forts.: Hva legger vi i bærekraftig utvikling?

13:00 – 14:30  Kompetanse for bærekraftig utvikling

                        - med skolepresentasjoner (Stord VGS og Ski VGS)

14:30 – 15:30  Problemstillingen som innfallsvinkel

15:30 – 16:00  Oppsummering og veien videre

 

Referat

45 deltakarar frå 23 skular møtte til nettverkssamling  for vidaregåande skular i Den naturlige skolesekken på Gardermoen. 11 av skulane var førsteårsskular.

Målet for dagen var å; at man gjennom ulike aktiviteter og arbeidsformer skulle

  • bidra til kompetanseheving på bærekraftig utvikling og utdanning for bærekraftig utvikling
  • bidra til refleksjon og videreutvikling av skolens DNS-prosjekt
  • erfaringsdeling mellom DNS-prosjektene

Samlinga starta med ei erfaringsutveksling mellom nye og 2-3 årsskular. Dei nye skulane fekk i oppdrag å dele forventningar til deltakinga i nettverket. 2-3 årsskulane fekk i oppdrag å dele kva endringar dei hadde gjort gjennom prosjektperioda, og å dele deira beste råd til dei nye skulane når det gjeld gjennomføring av bærekraftprosjekt. Deretter var det ei gjennomgang av korleis den naturlige skolesekken er strukturert og målsettinga med prosjektet, å støtte og utvikle skulen sin praksis i å utvikle utdanning for berekraftig utvikling.

‘Bærekraftig utvikling’ er eit begrep som rommer mange aspekt og kan vera vanskelig å sette ord på. Difor introduserte me ein aktivitet for deltakarane der dei skulle skrive ned på lappar alt dei assosierte med begrepet bærekraftig utvikling og utdanning for bærekraftig utvikling. I neste omgang skulle deltakarane kategorisere lappane i gitte kategoriar; begrepet bærekraftig utvikling, tema og undervisning. Det var og opning for å tilføre fleire kategoriar, dersom ein kjende at det var nyttig. Målet med aktiviteten var at deltakarane kunne få eit eigerskap til og bli medviten på kompleksiteten i begrepet. Etter lunsj vart aktiviteten oppsummert ved å kople dei ulike kategoriane til overordna del i nye læreplanar.

Så var det duka for skulepresentasjonar. Her hadde 3-årsskulane Stord og Ski blitt invitert til å presentere sine prosjekt. Stord VGS inkluderer heile skulen i ei bærekraftveke i samarbeid med FN-sambandet (https://www.fn.no/Undervisning/VGS/Ressursbank-Baerekraft). Me fekk innblikk i både korleis dagane var strukturert og ein film frå eit av elevarbeida. Ski VGS gjennomfører 5 tverrfaglige veker med heile VG1 der elevane gjennomfører livssyklusanalysar av eit produkt dei har eit forhold til. Her fekk me innblikk både i korleis lærarane samarbeida og korleis prosjektet ser ut til å ha påvirka haldningane til elevane. Begge presentasjonane ligg tilgjengelig på natursekken.no.

Siste del av dagen var det ein introduksjon med teori og døme på problemstillingar vinkla som ‘wicked problems’ og ei innføring i UBU-kompetansar (samarbeid, kreativitet, problemløysing, kritisk tenking og liknande.). Det overordna fokuset er å gi elevane handlingskompetanse til å fremme berekraftig utvikling. Etter denne gjennomgangen var resten av tida brukt til at deltakarane sat skulevis og jobba med å utvikle eige prosjekt, støtta av ‘planleggingsplakaten’ og eit rammeverk for ‘wicked problems’.

I oppsummeringa vart det gitt eit innblikk i team for samlingane framover. I tillegg vart det informert om den nasjonale konferansen 7.februar og undervegsarbeidet som skulen skal levere før jul.