Hopp til hovedinnhold
Nyhet

Strinda VGS har vunne Utdanningsforbundet sin Klimapris 2020

Gratulerer til Strinda VGS som har vunne Utdanningsforbundet sin Klimapris 2020. Skulen er ein del av nettverket for vidaregåande skular i Den naturlege skulesekken (DNS). Dei er no på sitt 3. år i nettverket.

«Strinda får ikkje prisen berre fordi dei har veldig mange gode tiltak, men fordi skulen jobber så planmessig med berekraft, gjennom heile skuleåret og på tvers av klasser, fag og utdanningsprogram. Juryen vil også trekkje fram at Strinda legg stor vekt på elevmedverknad», seier Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet. Heile grunngivinga frå juryen kan de lese på Utdanningsforbundet sine sider.

Dette heilskaplege fokuset på berekraft kjem òg fram i årsrapporten til Strinda VGS frå skuleåret 19/20 i DNS: «Vårt overordna fokus er å ha fokus på berekraftig utvikling i all vår verksamd, også i den grad det ikkje er knytt direkte til kompetansemål». I undervisingssamanheng arrangerer mellom anna Strinda VGS ei tverrfagleg berekraftveke for alle VG1-elevar i løpet av året. Her blir timeplanen oppløyst der elevane utforskar ei problemstilling innafor eit gitt tema (t.d mat og vatn, transport, energi og forbruk). Her er det òg stort fokus på at elevane skal ut av skulen og kople seg på fagpersonar og nærmiljøet for å utforske problemstillinga si.

Bilde fra Strinda VGS 2

Lærarane på Strinda VGS har gjennom deltaking i nettverket i Den naturlige skolesekken fått både økonomiske midlar, fagleg og didaktisk påfyll og drive erfaringsutveksling med andre skular frå heile landet. I DNS er det særleg fokus på prinsipp som blant anna: utforskande arbeidsmåtar, tverrfaglegheit, bruk av nærmiljøet og samarbeid med eksterne aktørar, og komplekse problemstillingar, noko som òg er tydeleg til stades på Strinda VGS. Vidare i årsrapporten frå skuleåret 19/20 skriv dei at «Støtte frå Den naturlege skulesekken har bidratt til at vi har fått skapt eit stort engasjement på skulen og med stadig fleire aktivitetar knytt opp mot berekraft». Dette er me glade for å høyre. Go «Team Berekraft» og lykke til med den vidare satsinga på berekraft ved skulen!

Les meir om berekraftsatsinga til Strinda VGS her:
https://web.trondelagfylke.no/strinda-videregaende-skole/om-skolen/barekraftskole/
https://web.trondelagfylke.no/strinda-videregaende-skole/nyhetsarkiv/vinner-av-klimaprisen-2020/