Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Kajakk 3 –Teknikktesten

Å padle kajakk krev ferdigheiter i ulike teknikkar kombinert med forståing for vær, vatn, vind og strøm. Teknikktesten er primært eit virkemiddel for å motiverer til padletrening, men er også utviklet for å formulere dei ferdigheitsmål som vi kan forvente av ein 15 år gamal grunnskuleelev. Det er viktig å ikkje gløyme dei andre læringsmåla som går på tryggleik og naturforståing. Sjå nedst for gode interne lenker.

1. Førebuing

Testen startar på land, og vi testar berre ein og ein elev i gangen. Det betyr at vi må organisere dei andre elevane medan vi gjennomfører testen. Dei kan vere på padletur under oppsyn av ein annan instruktør, eller ha andre aktivitetar på land.

Elevane skal vise at dei kan gå ut av ein kajakk som har gått rundt og det er difor viktig at vatnet har brukbar badetemperatur, og at elevane har kle som held på varmen når dei badar. Ull inst med allværs-bukse og -jakke utanpå. Ofte kan det vere ein fordel å nytte våtdrakt eller tørrdrakt om det er mogleg.

Området/vær

  • Vi treng ei strand som er eigna til ombord- og ilandstiging
  • Vatnet må vere relativt roleg i forhold til padleteknikken til elevane (ikkje elv/større bølgjer/tidevatn-straum) og ikkje frålandsvind
  • Vi treng eitt eller to fastpunkt på vatnet (jmf padlebaner), eller nyttar instruktørkajakken som det ein fastpunktet

Anna praktisk førebuing

  • Lag ei rulleringsliste slik at dei som skal gjennomføre testen, kan kome fortløpande til prøvestaden
  • Kajakken til eleven som skal testast ligg på land like ved sjøen

2. Informere

Samle elevgruppa og forklar kva som skal skje. Elevane må vere kjent med kva teknikkar som dei skal vise på førehand og korleis testen skal gjennomførast.

3. Teknikktesten


Momentliste

  • Å vise at ein alltid nyttar padle- eller flytevest når ein padlar
  • Å vise at åra er knytt til kajakken
  • Å gå inn i kajakken frå land/grunt vatn når kajakken ligg på vatnet (ved å få støtte med åra på tvers av kajakken)
  • Å vise god sittestilling med korrekt påtatt spruttrekk
  • Padle rett framover med turpadleteknikk
  • Padle rett bakover med turpadleteknikk
  • Svingteknikk – lang sving og kort sving
  • Dreie kajakken 360 grader rundt sin eigen akse
  • Gå rundt med spruttrekk og vise at ein kan ta av spruttrekket ved å dra i handtaket/snora framme, og at ein kjem seg ut av kajakken
  • Vise at ein kan tømme ein kajakk full av vatn ved stranda/på land eller grunt vatn.Til dette punktet treng dei ein hjelpar. Det kan gjerne vere neste mann ut i testen.

Tidsbruk: Ca 15 minutt per kajakk.

Materialer og utstyr

Per instruktør/redningsbåt: 6 kajakker, 6 padle/flytevester, 6 spruttrekk, 6 årer, 6 åretau

Berre ein og ein elev skal testast i gangen – så strengt tatt klarer ein seg med ein kajakk, spruttrekk, åre og åretau om ein ikkje har andre padleaktivitetar medan testen pågår.

I instruktørkajakk/redningsbåt: Reserveåre, slepeline, fløyte, pumpe, årepose, spruttrekk, førstehjelpssaker og evt klesskift

Instruktør tek ei vurdering av temperaturen på vatnet og etter forholda nyttar eigna padlekle, våt- eller tørrdrakt med tanke på uforutsett redning/uhell eller anna som gjer at ein må arbeide i vatnet over litt tid.

På land eller eventuelt med instruktør/redningsbåt: kasteline og fleire reserve årer