Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Kajakk 1- grunnopplæring

Kajakk er historisk sett ein farkost utvikla for hav og bølgjer. I moderne friluftsliv har ein også elvekajakker laga for elv og stryk. Når du sitter i kajakken sitter du omtrent i vatnet og ikkje oppå. Det lave tyngdepunktet gir god stabilitet og når du nyttar spruttrekk er kajakken heilt tildekka og nesten tett.  Bølgjer og vatn kan slå over farkosten utan at det kjem inn. Kajakken si form og lengde i vatnet gir stor påverknad av eigenskapane i forhold til fart og korleis den oppfører seg i bølgjer. Men at du sitt så lavt i vatnet og har så god kontakt med farkosten (sitter inni) gjer at kajakkpadling fort gir stor meistringsglede når ein lærer nye teknikkar.

Følgjande grunnreglar bør alltid følgjast med aktivitetar på vatn:

  • Aldri vere utpå vatnet utan godkjenning og under oppsyn av ansvarlege
  • Alltid nytte padlevest/flytevest
  • Alltid minst en kajakk/båt tilgjengeleg for redning
  • Lærar/ansvarlege – godkjent livredningskurs for aktivitet i vatn

Bakgrunnsinformasjon

Padlevest

Alle som skal ut på sjøen i kajakk skal ha padle eller flytevest. Padlevestar er å føretrekke framfor flytevest fordi dei er konstruert for å gi litt meir rom rundt skuldrene for padlerørsler. Flytevestane blir ofte ”høg ved ørene” når ein sitt i kajakken. Instruktør må sjå over alle vestane før elevane sett seg i kajakken – eller delegere ansvar til andre vaksne.

Ror og kjøl

Ein kajakk treng ikkje ha ror eller senkekjøl. Den viktigaste funksjonen til eit ror eller ein senkekjøl er å gi betre retningsstabilitet i lange kryssar i bølgjer eller vind. Til all anna padling nyttar ein åra og skrogforma til kajakkane til å svinge. Til grunnopplæring er det difor vårt råd at ein ikkje bør nytte ror om det finst på kajakken – men at ein lærer seg å bruke åra og skroget.

Sittebrønn

Sidan kajakken er overbygd og vi sitt inni den, må vi bli kjent med sittebrønnen og korleis ein skal gå inn og ut av den. Ein god sittebrønn er anten svært liten, eskimoåpning, eller har form som eit nøkkelhol. Nøkkelholet gir storleik for å lettar gå inn og ut av kajakken – samtidig som den er trong nok til at du får pressa knea opp mot dekket/kantane på sittebrønnen. Kanten på ein sittebrønn har  som regel ei polstring eller eit rom forma til knea.

Ei god sittestilling er å sitte litt breibeint (skreve utover) og ha knea opp i dekket eller kanten på sittebrønnen. Sitt med overkroppen litt framover frå setet og ikkje ligg bakover på ryggstøtta som om du ser tv i godstolen.

Fotstøtte

Tilpass fotstøtta slik at ein har støtte for kvar fot og får eit svakt press på knea opp mot dekket/sittebrønnen.

Kajakkåra

Til kajakkpadling nyttar vi ei åre med to åreblad. Desse er vanlegvis vridd ca 83 grader  i forhold til kvarandre. I Noreg nyttar vi oftast ei venstrekontrollert åre – i utlandet ei høgrevridd. Padlar du mykje vil innarbeida bevegelsar og refleksar gjere det vanskelig å padle om ein skifter vridinga på åra. Eskimoane nytta ei tynn treåre som ikkje var vridd – og ofte i nybyrjarsamanheng er ei eskimoåre lettar å handtere enn dei moderne vridde årene.

Vår erfaring er at feil bruk av åra i regelen er den vanlegaste årsaka til at ein går ufrivillig rundt. Ofte er det elevar som opplever rask meistring (er flinke i forhold til dei andre) som skal padle litt ekstra fort som går rundt. Dei tek i når dei skal padle fort og gløymer å vri den…Uhell skjer og dersom ein tek støttetak eller oppbremsing med åra i feil posisjon. Eller ved spruting – om dei tek tak i vatnet med åra – og i staden for å løfte vatn mot nokon så vipper dei seg sjølve rundt.  Spruting er difor av prinsipp ikkje lov. Og å padle fort kjem difor som aktivitet i neste nivå 2.

Spruttrekk

Spruttrekk er laga av eit vasstett materiale. Det er formsydd til å passe rundt kanten på sittebrønnen og med ein krage som går oppover mot brøstet. Det er svært store kvalitetsforskjellar på spruttrekk i forhold til val av materiale og kor godt formsydd det er. Eit polyester/nylontrekk som ikkje sitter så veldig stramt vil fort samle ein dam med vatn og etter kvart vil det komme både kondens og lekkasje gjennom saumane – som ikkje er farleg, men som reduserer komforten og er til mykje irritasjon.

Viktig: I grunnopplæring så nyttar vi ikkje spruttrekk

Dersom ein går rundt med spruttrekk, så vil det av og til oppstå eit vakuum på innsida av spruttrekket/kajakken (om lag som ein sugekopp) og ein vil ikkje klare å presse seg ut. Då må ein ha trena på å dra av spruttrekket først (medan ein heng opp ned under vatn) og gå ut av kajakken etterpå. Dette er arbeidsoppgåver i neste nivå 2.

Del 1: Gjennomføring på land

1. Førebuing

  • Sjå også lærarrettleiinga ”Ferdsel på vann – forberedelser
  • Ha alt utstyr tilgjengelig og klargjort (sjå materiell under lærarrettleiinga ”Ferdsel på vann – forberedelser”)
  • Kajakkane ligg på land
  • Vatnet er stille (ikkje elv/større bølgjer/tidevatn-straum) og ikkje frålandsvind
  • Vatnet har naturlige avgrensingar som vik, øyer og liknande som alle kan sjå og oppfatte
  • Strand eller brygge som er egna til ombord- og ilandstiging

2. Informere

Samle elevgruppa og forklar kva som skal skje:

  • Alle skal alltid ha på padle/flytevest, sjå aktiviteten ”Bli kjent med sikkerhetsutstyr”
  • Alle skal ha ei padleåre
  • To og to skal padle i lag og passe på kvarandre
  • Følgjande reglar gjeld:
    • Ikkje lov å padle fort
    • ikkje lov å sprute på kvarandre
    • alltid padle/flytevest
    • alltid innanfor synsfeltet og hørevidda til redningsbåten!

3. Grunninstruksjon på land

  • Bruk ein kajakk og deg sjølv som eksempel. Kajakken bør ligge på mjukt underlag  og ein samlar gruppa rundt.
  • Vis og forklar sittestilling, justering av fotstøtta
  • Demonstrer korleis ein går ut av ein kajakk som har gått rundt
  • Demonstrer korleis ein held og brukar åra

Utfyllande rettleiing

Landdemonstrasjon - Vis korleis ein går ut av ein kajakk dersom ein går rundt

Forklar at dersom ein skulle gå rundt, så blir faktisk verden opp ned! Ein skal ikkje søke opp mot overflata, opp mot lufta som er instinktet vårt – men faktisk dykke litt ned mot botnen. Difor er det viktig med arbeidsoppgåva som dei øver på her!

Begge hender på bakdekket – skyv seg ut og sett rumpa på bakdekket, om lag som ein drar av seg ei bukse. Alle skal prøve dette og vise til instruktør at dei meistrar dette på land. Dess trongare sittebrønnen er – dess viktigare er det at ein øver på denne arbeidsoppgåva!

Bruk av kajakkåre

Instruktør viser at åra er vridd og at ein held ”fast” grep med venstre hand for å vite kvar åra er vridd. Venstre handa har normal grep når venstre åreblad ligg vertikalt (Årene har ofte eit ekstra spor eller oval form som hjelp til å kjenne når ho ligg vertikalt på venstre handtak). Når ein padlar til venstre side er venstre grepet normalt. Når ein skal padle på høgre side slurar ein grepet på høgrehanda medan ein vrir venstre handledd mot seg til høgre åreblad står vertikalt – tek nytt grep med høgrehanda og drar åra bakover.

Tips:
Pass på at åra ikkje er for lang eller har for stort blad.
La elevane balanserer midten på åra på hovudet og ta tak på kvar side med hendene slik at olbogeledda dannar 90 grader. Det er normal grepet dei skal ha på åra (avstand frå årebladet)

4. Elevaktivitet

  • Para går saman om å finne årer og vestar. Vestane skal festas korrekt, og godkjennast av ansvarlig lærer eller andre vaksne som har fått delegert ansvaret.
  • Elevane justerer fotstøttene på sin kajakk
  • Når fotstøtta er tilpassa så setter alle elevane seg ned i kajakken og får ei føling med god sittestilling.
  • Elevane demonstrerer på land korleis dei går ut av ein kajakk som har velta. Instruktør godkjenner kvar einskild elev.
  • Elevane sitter i kajakken på land og tørrtrener på rett bruk av åra

Tidsbruk: ca 20 minutt

Del 2 – Gjennomføring ute på vatnet
 

Tryggleik - Viktige beskjedar til folk før ein fer ut på sjøen!

Dersom dei går rundt – så skal dei ligge i ro ved kajakken og vente på hjelp frå instruktør! Instruktør tømmer kajakken som har gått rundt for vatn – også kan ein klatre opp i kajakken medan instruktør stabiliserer denne.

Alle skal padle nærme land (maks 20 meter frå land) og slik at dei ser instruktør godt (eventuelt maks 100 meter frå instruktør).

To og to kajakkar padlar i lag og passar på kvarandre.

Å komme seg ut på sjøen

Legg instruktørkajakken heilt klar og delvis på sjøen slik at instruktør svært kjapt kan komme seg ut om det trengs.

  • Legg kajakkane side om side ved sjøkanten
  • Ingen av borna får fare ut på sjøen før instruktør, eller hjelpar, skyver dei ut.
  • Send først ut ein vaksen. Denne personen har med fløyte for å tilkalle instruktør si merksemd ved behov.
  • Gi klar og tydeleg beskjed om at ingen skal padle utom denne vaksne sin kajakk.
  • Skyv kajakkane til borna ut fortløpande.
  • Instruktør fer sist ut – og sist på land.
Ivannstigning. Klare til å bli skyvd ut på sjøen. Vaksen hjelpar  i ”Sit on top”-kajakk som følgje- og redningsbåt. Ivannstigning. Klare til å bli skyvd ut på sjøen. Vaksen hjelpar i ”Sit on top”-kajakk som følgje- og redningsbåt.

I landstigning eller ”i vannstigning”

For grunnopplæring i kajakk er det svært kjekt med ei strand slik at elevane kan sette seg i kajakken først oppe på stranda og bli skyvd ut på vatnet medan dei sitt i.

Det er då svært viktig at stranda har gras/mark eller fin sand slik at steinar og liknande ikkje øydelegg kajakken.

Når du skyv kajakken ut frå ei strand vil den på eit tidspunkt ligge delvis på land og delvis på vatn. Denne problemstillinga er ingen kajakkar som er laga for å takle, så kajakken har dårleg balanse/tyngdepunkt, og den kan då tippe svært lett rundt! - Vi kallar det for ”ivannstigning”. Dess brattare stranda går ut i vatnet dess større er dette problemet. Ei god strand er difor svært slak ut i vatnet (har liten overgang mellom land og vatn) – då er dette problemet svært lite.

Ein annan måte å unngå dette problemet på er at hjelparen som skyv kajakken ut, eller drar den opp på land, skal holde og løfte litt i handtaket ved enden på kajakken. Når elevane etterpå kjem tilbake til stranda må dei sitte i båten og vente på å få hjelp til å bli dradd på land.

På sjøen

På grunnopplæring er det viktigaste at ein opplever stabilitet og øver inn støttetak. Turpadleteknikk med støttetak er å holde åra lavt heile tida og å føre årebladet frå framkant av kajakken (lene seg litt framover og ta åra fram ved sida av kajakken) og føre åra i ein kvart halvsirkel UT frå kajakken. Åra må ut frå kajakken for at årebladet skal vere grunt i vatnet og lavt over dekket. Når ein nyttar denne teknikken vil kvart åretak vere eit støttetak til den sida ein padlar på! Stikk ein åra rett ned og fører åra tett inn ved sida av kajakken vil ein oppleve at kajakken blir meir ustabil. Held ein hendene for høgt blir ein og fortare sliten.

Tips til instruktør er difor:

  • Sjå på skuldrane til borna – hendene skal heile tida vere lavare enn skuldra!
  • Åra skal ligge lavt over dekket.
  • Sjå på kvar dei gjennomfører åretaket - at dei ikkje dreg åra heilt inntil kajakken (gjer dei det vil du også sjå at det årebladet som ikkje er i vatnet stikk høgt opp/rett opp),
  • Sjå på sittestillinga til elevane, at dei ikkje synk bakover og ned i sete som slappe tv grisar…

Bildet under viser eit godt åretak med lav åre, handa lavt, åretaket er grunnt og går ut frå kajakken. Til høgre er eit dårleg åretak: høg åre, handa høgt, åretaket er nær inntil kajakken.

Eit godt åretak til venstre: lav åre, handa lavt, åretaket er grunnt og går ut frå kajakken. Eit dårlig åretak i turpadling til høgre: høg åre, handa høgt, åretaket er nær inntil kajakken. Eit godt åretak til venstre: lav åre, handa lavt, åretaket er grunnt og går ut frå kajakken. Eit dårlig åretak i turpadling til høgre: høg åre, handa høgt, åretaket er nær inntil kajakken.

Arbeid med padleteknikkar

  • Padle rett fram
  • Padle rett bakover
  • Ta lange svingar med å padle på ei side av kajakken
  • Rotere på eit punkt ved å padle fram på ei side og bakover på motsatt side
  • Ta kort sving ved å bremse på ei side og padle framover på motsatt side.
  • Kople saman kajakkane til ”flåte” slik at elevane får kvile og ein held dei samla.

Tidsbruk:
Ca 10 minutt per teknikkoppgåve.

Padle ein tur

  • Padle ein tur langs land, legg gjerne inn opplevingar eller løype mellom hindringar som fremmer øving med padleteknikkar.
  • Samle elevane i flåte for pauser og å holde gruppa samla. Medan elevane ligg i flåte kan ein gjerne fortelje litt om eskimoane sin bruk av kajakk. Gode kjelde her er tekster frå Fridtjov Nansen til dømes Eskimoliv.

Tidsbruk:
Ca 60 minutt eller gjerne meir om ein har tid og moglegheit

Tips på sjøen:

  • Nytt andre vaksne som for- eller baktropp og ha full kontroll på alle kajakkane til ei kvar tid – blikkkontakt og telling!
  • La elevane ha sjølvjustis og passe på at dei padlar i para og nærme redningsbåt.

Undring på sjøen

Skap rom for at elevane har tid til undring og still dei spørsmål de kan undre seg over. Ta utgangspunkt i kva inntrykk og opplevingar på sjøen – ver nysgjerrig! 

Materialer og utstyr

Per instruktør/redningsbåt:
6 kajakkar, 6 padle/flytevestar, 6 årer

I instruktørkajakk/redningsbåt
Reserveåre, slepeline, fløyte, pumpe, årepose, spruttrekk, førstehjelpssaker og evt klesskift.

Instruktør tek ei vurdering av temperaturen på vatnet og etter forholda nyttar eigna padlekle, våt- eller tørrdrakt med tanke på uforutsett redning/uhell eller anna som gjer at ein må arbeide i vatnet over litt tid.

På land eller eventuelt med instruktør/redningsbåt kasteline og fleire reserve årer