Hopp til hovedinnhold

Elevar registrerer biologisk mangfald

Elevane i tiande klasse ved Sunnylven skule i Møre og Romsdal har gjort omfattande undersøkingar av sitt eige nærmiljø. Observasjonane er samla i databasen miljolare.no

Går du inn på nettsidene til miljolare.no og søker på Sunnylven, finn du omfattande undersøkingar av både ferskvatn, skog og jordbrukslandskap. Me har klikka oss litt rundt på nettsidene og sett på resultata av arbeidet. Dei har registrert planter og dyr, og lagt inn mange illustrasjonar til aktivitetane dei har gjennomført. Her er litt av det som er funne:

Helsetvatnet
Elevane har arbeidd i Helsetvatnet gjennom fleire år, og undersøkt både fysiske og kjemiske eigenskapar til vatnet, i tillegg til det biologiske mangfaldet. Det året det var flom i bygdeelva fann dei klar endring i siktedjup i forhold til dei andre åra, medan målingane av pH har halde seg stabil. Dei siste tre åra har dei gjennomført grundige fiskeundersøkingar, no i haust fekk dei 27 aure som alle vart registrert med lengde, vekt, kjønn og magefylling. Databasen reknar ut kondisjonsfaktor for fiskane, og den ser ut til å ligge litt under det normale. Det vil seie at det kan vere ein fordel at elevane fiskar ut litt av overskuddet i vatnet, fordi det då blir meir mat til kvar av dei fiskane som er att.

 

Måling av siktedjup i Helsetvatnet. Foto: Egil Dolmen

 

Smådyra som lever i vatnet er også undersøkt, og vegetasjonen i og rundt vatnet er kartlagt. I haust fann dei ein mose som ikkje var registrert tidlegare. Mosar er ei relativt vanskeleg gruppe å artsbestemme, men via miljolare.no fekk dei kontakt med moseekspert Kristian Hassel ved NTNU som hjalp til med artsbestemming. Artslistene frå tidlegare år ligg som eit grunnlag for undersøkingane, slik at elevane stadig kan bygge ut kunnskapane om området dei undersøker.

Fuglelivet er registrert både i Helsetvatnet og i Korsbekkosen. Osen ser ut til å vere eit godt leveområde for fuglar i området, og det må ha vore litt av ei oppleving for dei elevane som var med den gongen dei observerte 9 gråhegrer. Arten hekkar i området.

Elvesnelle er ein av dei dominereande plantene rundt vatnet. Gjennom databasen på miljolare.no kan elevane samanlikne alle sine funn med det andre elevar har registrert. Den ser ut til å vere vanleg over heile landet, men me lurer litt på kvifor det ikkje er registreringar i Finmark. Er det mindre elvesnelle der, eller er det færre elevar som registrerer funna sine frå Finmark?

Litlegjerde
Litlegjerde er ein liten gard som i dag er som eit museum omkransa av gamal eng med frukttre. Garden ligg i ei bratt helling mot sør, med skog i bakkant. Enga vert slått og hesja/raka vekk i løpet av sommaren. På enga har elevane registrert mange planteartar.

Ørskogkvia
Dette skogsområdet er undersøkt på samme måte som Litlegjerde, med fallfeller som sto ute om natta for å fange smådyr. Dei har også registrert plantene i området. Til saman på desse tre områda har elevane ved Sunnylven skule registrert 125 planter og dyr.

 

Vil du gjere undersøkingar av biologisk mangfald med din klasse?

På moljolare.no finn du mange aktivitetar med planter og dyr. Kvar aktivitet har rettleiingar med oversikt over utstyr og undersøkingsmetodar, slik at du har det stoffet du treng for å ta med elevane ut og sette i gang. Når elevane har registrert sine observasjonar i databasen, kan dei samanlikne sine funn med planter og dyr som er funne av elevar andre stader i landet. Ta gjerne med eit digitalt kamera, så kan elevane legge inn bilete av dei vakre plantene og dei spanande, flotte eller ekle dyra dei har funne.

  • Sunnylven 1
  • Sunnylven 2
  • Sunnylven 3
  • Sunnylven 5
  • Sunnylven 4
  • Sunnylven 6
  • Sunnylven 7
  • Sunnylven 8

Bakgrunnsstoff

Nettressurser

(miljolare.no)