Hopp til hovedinnhold
Nyhet

Motivasjon og engasjement for ei berekraftig framtid

8. februar gjekk konferansen i Den naturlege skolesekken av stabelen. Det er 10 år sidan dette nasjonale prosjektet starta, der utdanning for berekraftig utvikling står i fokus.

 

DSC_0104

Leiar av Naturfagsenteret, Merethe Frøyland, opna konferansen med å snakke om korleis Den naturlege skolesekken legg til rette for djupnelæring og rommar alle dei tre tverrgåande temaa i fagfornyinga: demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring.

Monica Opsal, prosjektleiar for Den naturlege skolesekken, ønska deltakarene velkomne og presenterte regionkontaktane. Så mange som 17 739 elevar frå 114 skolar er med i Den naturlege skolesekken i år. 34 av skolane deltek for første gong. 

Konferanse

Innsikt om insekt

Anne Sverdrup-Thygeson frå NMBU ga oss eit fascinerande innblikk i kor viktige dei små insekta er. Ho framsnakka desse artsrike og viktige organismane som er dei som eigentleg bestemmer på kloden. Faktisk er annankvar art på kloden eit insekt. Dersom vi viser ein ny insektsart kvar månad, tar det 80 000 år før vi må vise den same arten.

Insekta reddar livet vårt kvar dag. Dei er små vaktmeistrar i naturen, dei er limet mellom artar, for eksempel gjennom pollinering, og gir oss mange nyttige ting. Dersom du er glad i sjokolade, bør du elske mygg. Det er nemleg ein mygg som pollinerer kakaoplanta.

Talet på insekt går ned, så det er viktig å overvake situasjonen og finne tiltak. Sverdrup-Thygeson løfta fram at eit viktig tiltak er å snakke om kor kule, rare, morsomme og nyttige dei små insekta er.

Foredraget slo godt an hos deltakarane. Mange nemner dette som eit høgdepunkt på dagen. Ein skoleleiar seier: – Insektsdama var super.

Se presentasjonen hennes her: Insektenes planet (Grunnet bilderettigheter er ikke alle lysarkene med.)

Anne Sverdrup-Thygeson heldt eit inspirerande foredrag om insekt. Anne Sverdrup-Thygeson heldt eit inspirerande foredrag om insekt.

Parallellsesjonar

Lærarane presenterte posterane sine for kvarandre regionvis. Ein lærar skriv i tilbakemeldinga: – Kjekt å høyre korleis andre arbeider. Fleire løfter fram at det var interessant å høyre om prosjektane til dei andre. Samtidig trekker fleire fram at det kunne ha vore meir tid for erfaringsutveksling. Parallelt med denne sesjonen delte eksterne aktørar erfaringar og skoleleiarane fekk fagleg påfyll om deira rolle i skoleprosjekta.

Lærarar studerte posterar frå andre skolar. Lærarar studerte posterar frå andre skolar.

I neste økt var det tre parallellsesjonar om utforskande arbeidsmåtar, samansette problemstillingar og nærmiljøet som læringsarena. 

I pausene kunne deltakarene besøke standar der eksterne aktørar viste fram ressursane sine. 

Eksterne aktørar viste fram aktuelt materiell. Eksterne aktørar viste fram aktuelt materiell.

Motivasjon for berekraftig utvikling

Marianne Sundal fortalde myten om Daidalos og Ikaros for å vise korleis vi kan bruke munnlege forteljingar for å vekke engasjement i undervisninga. Forteljingar er eit sterkt verktøy som gjer undervisninga meir meiningsfull.

Maria Vetleseter Bøe delte eigne erfaringar om kva som har motivert ho til å engasjere seg i naturvitskap. Nokre blir motivert av verdsrommet og andre av bier. Det er viktig å finne knaggar for å koble på elevar som har ulike interesser. To viktige spørsmål for elevane er: Får eg det til? og Kva får eg igjen for det?

Eldri Scheie fortalte om korleis vi kan jobbe med berekraftig utvikling for å nå berekraftmåla til FN.

Vi fekk høyre om eit konkret skoleprosjekt frå Solvang skole. Jan Even Vik og Pål Mikal Johannessen fortalde korleis elevane blei engasjerte i spørsmålet om å lage grusveg rundt eit vatn i nærmiljøet. Dette var ei autenisk problemstilling der elevane var landskapsarkitektar og skreiv lesarinnlegg om kor dei meinte vegen skulle ligge. Se presentasjonen her: Bærekraftig utvikling i skolens nærmiljø.

Monica Opsal avslutta dagen med å takke for alle dei 77 posterbidraga. Posterprisen 2019 gjekk til Torvmyrana skule med posteren Lønner det seg å «ta ei potet»? Posteren peika på ei samansett problemstilling og utmerka seg visuelt.

Vinnar av Posterprisen 2019, Torvmyrane skule. Vinnar av Posterprisen 2019, Torvmyrane skule.

Tilbakemeldingane frå dagen viser at deltakarane fekk eit godt fagleg påfyll med inspirerande foredragshaldarar og erfaringsdeling.