Referat fra nettverksamling for de videregående skolene i Den naturlige skolesekken, 4. april 2019

Referat frå nettverkssamlinga for deltakarar i vidaregåande skule i Den naturlege skulesekken, 4. april 2019.

 

 

Program for dagen:

10:00 – 10:15 Innleiing

10:15 – 11:30 Økt om tverrfaglighet (med kort pause)

11:30 – 12:30 Lunsj

12:30 – 13:45 Presentasjon av skuleprosjekt (Byremo og Drammen VGS) og erfaringsdeling

13:45 – 14:00 Pause

14:00 – 15:15 Utvikling av eige prosjekt (‘Kunnskapssirkel’ + eige arbeid)

15:15 – 15:30 Oppsummering og årsrapportering

 

Me starta med å ynskje velkommen til alle deltakarane. Me var 24 skular representert og i alt 42 påmeldte (representert ved lærarar, avdelingsleiararar og rektorar) til samlinga. Oppstart på samlinga var eit tilbakeblikk på konferansen 8.februar, inkludert ei erfaringsdeling knytt til inspirasjon og erfaringar frå årets konferanse. Mål for dagen var refleksjon og vidareutvikling av skulen sitt DNS-prosjekt, med særlig fokus på tverrfaglighet. Målet var og å bidra til kompetanseheving på berekraftig utvikling og utdanning for berekraftig utvikling, og bidra med verktøy til planlegging og refleksjon rundt samarbeid og undervisning på tvers av fag.

Skulen sitt arbeid med tverrfaglighet vart aktualisert i relevante dokument for skulen (stortingsmeldingar og læreplanar). Tverrfaglig arbeid i skulen skal bidra til at elevane oppnår djupnelæring og relevante kompetansar ved å kunne forstå samanhengar i og mellom fag. Tverrfaglighet er og aktuelt når ein jobbar med samansette problemstillingar. Det vart gjennomført ei faglig økt før lunsj, der kollegialet på skulen sin praksis knytt til tverrfaglighet var tema. Me starta med ei erfaringsdeling, før det vart lagt opp til utprøving av ein aktivitet. Aktiviteten kan de ta med tilbake til eigen skule og gjennomføre med kollegaer.

Etter lunsj presenterte Byremo og Drammen VGS DNS-prosjekta sine. Her vart det ein god breidde mellom Byremo VGS, som representerer ein skule med rundt 150 elevar, og Drammen VGS med over 1000 elevar. Skulepresentasjonane danna utgangspunkt for ein ny runde med erfaringsdeling. Det vart opna for spørsmål frå salen og samtale i grupper om overføringsverdien frå skulepresentasjonane til eige prosjekt.

Den siste delen av samlinga var satt av til utvikling av eige prosjekt. Som introduksjon til dette arbeidet, vart deltakarane introdusert for ‘Kunnskapssirkelen’. Kunnskapssirkelen er ein metode som bygger på ein sosial læringskultur der kunnskapen er kollektiv. Hovudfokuset med metoden var å legge til rette for og trene på aktiv lytting, å respektere og respondere på andre sine innspel, og å øve på kunnskapsdeling i ei gruppe. Sjølve metoden med tilhøyrande reglar vart gjennomgått før metoden vart modellert med nokon opne spørsmål.

På slutten av dagen arbeida deltakarane med eigne prosjekt, her var det opning for å bruke ulike verktøy (https://www.natursekken.no/artikkel/vis.html?tid=2114725) utarbeida av DNS, og ut frå kva enkelte behov dei ulike prosjekta hadde. Samlinga vart avslutta med ein felles oppsummering av dagen. Det vart og gitt informasjon om fakturering av reiser, vidare arbeid og årsrapportering, som har frist 14.juni.