natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Referat fra regionsamling for skoler i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane 23. november
18 skoler var representerte på regional samling i Bergen i november. Samlinga var leiia av regionkontaktane Linda Mork-Knudsen og Olaug Vetti Kvam frå Skolelaboratoriet i realfag ved Universitetet i Bergen.
Olaug Vetti Kvam innleier til den regionale samlinga om tverrfagleg undervisning
Innleiing om tverrfaglighet, Olaug Vetti Kvam:
Tverrfaglighet som ein bru mellom skolefaga og det som skjer i samfunnet utafor skolen. Vi skal førebu elevane til eit samfunn og jobbar vi ikkje kjenner i dag. Dei skal takle livet sitt, yrkeslivet og samfunnslivet i 2050 - og kva skal dei ha med seg frå våre klasserom for å greie seg? Dei skal gjere gode val om helse, familie, forbruk - dei treng almennkunnskap, ferdigheter, evne til å lære nye emne, delta i demokratiet, vere beslutningstakarar, ta ansvar - og bidra til ei berekraftig og rettvis verd for 9 milliardar menneske. Vi skal førebu elevane på ei verd i konstant endring, sortere store mengder informasjon, velje kva som er viktig - dette krev aktive, engasjerte, utforskande elevar. Konkret handlar dette for oss om at elevane arbeider med natursekkprosjektet. Då er elevane aktive, dei brukar fagkompetansen sin, ser samanheng og meining i faga. Ludvigsen-utvalet si innstilling snakkar om 4 grunnleggande kompetansar:
- fagspesifikk kompetanse
- om å lære
- om å samarbeide
- om å utforske og skape
Prioriterte tverrfaglege tema frå ’Fag-fordyping-forståelse’ (NOU28):
- demokrati og medborgerskap
- bærekraftig utvikling
- folkehelse og livsmestring
Blir førande for ny læreplan, som prioriterte tverrfaglege tema. Det tyder at vi kan halde fram som vi gjer i Den naturlege skulesekken.
Døme: Tverrfagleg undervisning om klimaforsking - løfta fram på UiB også frå språk og samfunnsfag.
Kjersti Fløttum og Lingclim sin film frå prosjektet.
Gruppearbeid
Arbeid med ‘wicked problems’, ‘kronglete spørsmål’ som ikkje har fasitsvar. Grupper med 2-3 skoler som har nærliggande tema. Utveksling av ideen bak kvart prosjekt, og korleis skulen arbeider, er verdfullt.
Det kjem fram at det er utfordrande å få til tverrfagleg samhandling på skulane. Prosjektet må konkretiserast, lærarar og elevar må vere engasjerte, og leiinga må involvere seg.
Om tverrfaglighet, Olaug Vetti Kvam, drøfting OECDs strategi ‘education2030’:
Kva treng elevane våre, iflg OEDC: kunnskap, kognitive kompetansar, sosial kompetanse, emosjonelle kvaliteter, metakompetanse, verdier, fysisk og mentalt velvere.
Dei tre fagovergripande tema som var nemnd tidlegare:
- demokrati og medborgerskap - kan vere kunnskap om demokrati, for demokrati - og gjennom demokrati
Kva kan dette vere i mitt prosjekt?
Skulane har gjort erfaringar med å ta prosjekta ut i samfunnet og demokratiet:
- kontakt med produsentar av kosmetikk
- konferanse med interessenter og politikere om energiløysingar
- debatt med næringsliv, kommunepolitikarar og ngo-er om store endringar i kommunen med næringsutbygging.
- bærekraftig utvikling
Dei tre pilarane i berekaftig utvikling; miljø, økonomi, samfunn.
Elevane får behov for fagkunnskap når dei skal arbeide med tema og argumentere innafor felta. Vanskeleg å komme frå parallellfagleg undervisning til verkeleg integrering.
- folkehelse og livsmestring
Skulane: elevar som ikkje alltid meistrar like bra i teoritimane, blomstrer når dei arbeider med natursekkprosjekta. Arenaen er ei anna, arbeidet er meir praktisk, og dei får vist fleire ferdigheter.
Tverrfaglig arbeid på skolen: Korleis involvere leiinga? Viser til artikkel i Naturfag 2/16, ‘ta kontroll over tverrfaglig samarbeid på skolen.’ Korsager og Scheie.
Tverrfagleg arbeid med ord og omgrep, - ‘Men skulle vi ikke ha lesestund nå, Linda?’
Linda Mork-Knudsen:
Linda refererer eit arbeid ho har gjort i klassen sin i tilknyting til FN-dagen:
Artikkel frå Aftenposten om hummar som har døydd i stort tal ved eit oppdrettsanlegg. Oppdrettsanlegget ligg 950 meter unna, og har brukt gift for å avluse laks.
Elevane kunne mykje om livet i havet, miljø og berekraft frå tidlegare undervisning. Elevane blei engasjert av teksten. dei kjente til oppdrettsnæringa på staden. Dei hadde mange spørsmål, mellom anna kva lakselus eigentleg er. Andre spørsmål dreia seg om hummaren, er ikkje den truga, korleis kan vi verne hummaren. Elevane oppdaga sjølve at dei no tok i bruk mange av ‘øveorda’ sine, omgrep dei skulle lære denne veka; ‘økosystem, eksportere, ressurs, demokrati, utrydde, art’.
Til sist kjem det opp ein diskusjon om kva type skulearbeid dette var: høyrer det heime i eit fag, kom det i staden for klassen sin lesestund, er det relevant å halde på med i skuletimar? Dei kom fram til at det er viktig å vite noko om det som skjer i samfunnet, ha kunnskap som gjer det mogeleg å forstå og ta stilling. Dette samsvarar med klassen sin ‘Kva er berekraftig utvikling’-plakat, der eit punkt er medborgerskap. Elevane var glade for at dei hadde hatt denne diskusjonen, forsto at den er med på å gi meining til faga - og gjerne kan erstatte eller skuve på klassen sin lesestund’.
Tverrfaglighet i forsking, Jan Erik Stiansen, Havforskningsinstituttet.
Jan Erik Stiansen ga eit breitt utsyn over havforsking, her med animasjon som viser saltholdighet i kystvatnet.
Økosystembasert forvaltning. Det vil si at skal man utnytte ein ressurs berekaftig, må ein vite noko om arten og økosystemet kring den.
Havforskningsinstituttet gjer mykje data tilgjengeleg, på nettsidene sine og gjennom havforskningsrapporten.
Omfemnande arbeid med innsamling av data; skip, bøyer, rigger, målestasjonar.
Om havet, dei store og små systema, som havstraumane og dei lokale straumsystema, påverker livet i havet. Stiansen viser korleis fiskelarver som lever i turbulent vatn lettare fangar åte, enn om den skulle leve i stille vatn, der den måtte svømme langt for å finne mat.
Nasa har gode animasjonar over verdas havstraumar. Om Barentshavet: Botnen er delt med Russland. Skapar vansker med forvaltning. Døme er snøkrabben, som lever botnen. Ein kan forske på fisk i vassøyla, men ikkje krabben på botnen.
I Barentshavet finn ein meir enn opp mot 10 000 arter, mellom dei meir enn 200 artar av fisk. Høy grad av interaksjon mellom artane, altså eit komplekst økosystem. 90% av fiskebiomassen er likevel konsentrert på 10 artar. Fleire av våre viktige kommersielle fiskeslag er innom Barentshavet. Gjennom diagram over bestand og uttak viser Stiansen korleis forvaltninga av bestanden blir avgjort ut frå forsking. Havbruk har passert fiskeri i økonomisk verdi. Om vi skal femdoble oppdrettsvolumet, har vi ein del utfordingar.
Stiansen sitt foredrag viste korleis forskaren bruker språk, matematikk, praktisk datainnsamling, vurdering og argumentasjon, samanlikning, drøfting og publikasjon i den kompliserte prosessen for å kunne gi råd om berekraftig forvaltning.
Eit oversyn over fiskeressurser i Barentshavet. Ei øving i å lese multimodal informasjon, og forstå samanhengene mellom biologi, forvaltning og berekraft.
Kva blir utbyte av mitt prosjekt?
Samlinga blei avslutta med rettleiing og drøfting av det einskilde skuleprosjektet.
Leikanger skule har prosjekt med eigenprodusert røykelaks, og heimepressa eplesider. På samlinga fekk deltakarane smake det flotte produktet frå eplepressinga.
Til slutt ei historie frå undervisning for berekraftig utvikling gjennom deltaking:
Ein skule arbeider med mikroplast og kosmetikk. Elevane ser at varedeklarasjonen på hudkrem og tannkrem viser at det er plast i produkta. Elevane skriv til avdelinga for forbukerkontakt i dei to store selskapa bak produkta. Frå det eine firmaet får dei eit arrogant og avvisande svar, som er avslutta med at firmaet til vanleg ikkje svarar på skuleprosjekt, det tar for mykje tid.
Svaret skapte mykje engasjement mellom elevane. Dei skreiv til selskapet på ny, og forklarte kor skuffa dei var over å ikkje bli tatt på alvor. Denne gongen kom det eit høfleg og utfyllande svar frå den same avdelinga. Elevane lærte mykje av denne brevvekslinga, om deltaking, argumentasjon, om å ikkje gi opp, og om korleis samfunns- og næringsliv fungerer.
Takk for denne gang!
Hilsen
Regionkontakt Linda Mork-Knudsen og Olaug Vetti Kvam
Oppdrag til samlingen var:
- Bruk plakaten på http://www.natursekken.no/c1187998/artikkel/vis.html?tid=2114725
- Definer en problemstilling («Wicked Problems») knyttet til bærekraftig utvikling
- Involver elevene og kolleger med tankekart
- Definer ønsket elevutbytte (kunnskap, ferdigheter, holdninger)
- Forbered en 2 minutters presentasjon av problemstillingen(e), samarbeidet med elever og kolleger og definisjon av elevutbytte gjennom UBU modellen
Program for samlingen:
10:00 Velkommen og informasjon v/Linda Mork-Knudsen. Introduksjon til dagens tema: Tverrfaglighet v/Olaug Vetti Kvam
10:30 Gruppearbeid: Wicked problems. Dele erfaringer fra arbeid på skolen.
11:30 Lunsj
12:30 Todelt økt: Utforskende læring (for nye natursekkskoler) v/Eli Munkebye Tverrfaglig undervisning (for erfarne skoler) v/Linda Mork-Knudsen og Olaug Vetti Kvam
13:45 Du Linda, skulle ikke vi hatt lesestund nå? En hverdagshistorie om elever som reflekterer rundt tverrfaglighet.
14:00 Tverrfaglig i Barentshavet v/Jan Erik Stiansen, Havforskningsinstituttet. Forvaltning av havområdene krever kunnskap både om økosystemer, økonomi og politikk. Case: Økosystemtokt i Barentshavet.
14:45 Introduksjon til elevutbytte: Hvilke kompetanser vektlegger vi i prosjektene?
15:00 Workshop og veiledning: Elevutbytte i vårt prosjekt.
15:45 Oppsummering og avslutning
16:00 Slutt
Vel møtt!