Nyhet

Hav og kyst - Arendal 20. mars

Det fantastiske livet i havet var tittel på foredraget havforskar Gro vane der Meeren heldt for fullsett sal i kulturhuset i Arendal 20. mars. Høvet var konferansen Hav og kyst. Tilhøyrarane kom frå skolar, forvaltning og forsking. Gjennom ein tettpakka konferansedag arrangert av Naturfagsenteret fekk 80 frammøte inspirasjon til samarbeid om registrering og forvaltning av det rike mangfaldet i sjøen.

hav kyst skjell marin kråkebolle arendal I løpet av dagen fekk deltakarane verkeleg møte det fantastiske biologiske mangfaldet norskekysten kan presentere. Risør akvarium og Havforskningsinstituttet ved forskingsstasjonen i Flødevigen fylte kar og bytter med kjende, ukjente, flotte, underlege organismar i alle storleikar. I eit rettleidd feltarbeid arbeidde konferansedeltakarane seg gjennom artsmangfaldet og ein flik av økologien frå sørlandskysten. Vitensenteret Sørlandet hadde lagt godt til rette for feltarbeid på kaien og innandørs, og fekk fylt lokala med naturvitskapleg undervisning. Eit av foredraga som inngår i Miljøverndepartementets tilbod Generasjon Grønn understreka samanhengen mellom aktuell forsking og levande undervisning.

hav kyst konferanse arendal Feltarbeidet leia fram til registrering av det biologiske mangfaldet på miljolare.no. Havforskingsinstituttet i Bergen har teke initiativ til samarbeid med skolar langs kysten, for ei tettare kartlegging av livet i fjøra. På konferansen fekk deltakaren høyre forskarane Gro van der Meeren og Jan Erik Stiansen som både gav eit utsyn over den fascinerande biologien vi finn langs kysten vår, og inspirasjon til skolane for verkeleg å kunne delta med viktig informasjon til forskinga.

Mange skolar på Sør- og Vestlandet deltek med skoleprosjekt i Den naturlege skolesekken. Ein av skolane er Mathopen skole i Bergen. Dei orienterte om metodane og resultata sine for å gi idéar og innspel til konferansedeltakarane.

Eldri Scheie frå Natufagsenteret sette skolane sitt arbeid med naturundersøkingar og berekraftig utvikling i perspektiv, med å vise til dei nasjonale føringane, læreplanen og til satsingane i Den naturlege skolesekken.

Konferansen blei arrangert av Naturfagsenteret gjennom prosjekta Den naturlege skolesekken og miljølære.no. i samarbeid med Vitensenteret Sørlandet. Miljøverndepartmentet er hovedfinansiør for desse, og to liknande konferansar i Trondheim (Kulturminner og kulturlandskap, påmeldingsfrist 4. april) og Tromsø (Biologisk mangfald heile året, påmeldingsfrist 11. april).

Nettressurser