Hopp til hovedinnhold
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • matematikk
  • naturfag
  • norsk
  • samfunnsfag

Miljøstatus Skåbu 2014, Skåbu oppvekst

I undervisningsopplegget «Miljøstatus Skåbu 2014» har elevane identifisert ulike miljøspørsmål i nærmiljøet, sett dei inn i ein historisk og framtidig samanheng, og diskutert konsekvensar og moglegheiter. Elevane har fordjupa seg i lokale miljøutfordringar ved å gå til kjeldene – dei har oppsøkt stadar der miljøutfordringane er synlege, dei har intervjua lokale ressurspersonar og funne relevant fagstoff i historiske og politiske arkiv. På denne måten har dei fått meir kunnskap om lokale miljøspørsmål, dei har kunne setje desse inn i ein større global samanheng med tanke på ei berekraftig utvikling. Resultatet er presentert gjennom modellar,  foredrag og i ei brosjyre.

Læringsarena: klasserom, sløydsal og nærmiljøet

 

Undervisning for berekraftig utvikling i lokalsamfunn og nærmiljø

Ekskursjon langs Hinøgla. Foto: Skåbu oppvekst Ekskursjon langs Hinøgla. Foto: Skåbu oppvekst Gjennom arbeidet med «Miljøstatus Skåbu 2014» har elevane fått meir kunnskapar om lokale miljøutfordringar ved å gå til kjeldene: Dei har studert det biologiske mangfaldet lokalt og samanhengane i naturen, dei har undersøkt forholdet mellom kulturutvikling (lokalhistorie) og naturgrunnlaget ved til dømes å studere korleis vassdragsutbygging har påverka naturen og for å diskutere moglege konsekvensar av nye utbyggingsplanar. Dei har også laga modell av ei elv som er planlagt utbygd. Modellen syner korleis naturen og det biologiske mangfaldet vert påverka og endra, korleis vatnet vert lagt i røyr og kor store straummengder kraftverket skal produsere. Dei har også laga ein modell av ein generator. Vidare har elevane studert flaum og jordskred som har påført lokalsamfunnet store skader dei siste åra. Dei har også arbeidd med befolkningsutviklinga og ver og klima ved å oppsøke skriftlege og munnlege kjelder. Alt i alt har elevane fått kunnskap om korleis menneskeleg aktivitet påverkar naturen, både i landskapet heilt konkret, som til dømes ved vassdragsutbygging, men også meir «usynleg» i form av klimaendringar. Elevane har hatt eit framtidsretta perspektiv på arbeidet, og målet har vore at dei skal fatte interesse for korleis dei sjølv kan vere med på å påverke og finne nye løysingar innan miljøspørsmål i framtida.

Beskriving av opplegget «Miljøstatus Skåbu 2014»

Undervisningsopplegget tok utgangspunkt i «Miljøstatus Norge 2014», og elevane fekk presentert både brosjyre og nettside. Ut frå dette skulle dei foreslå problemstillingar/tema til eit liknande arbeid for heimbygda Skåbu. Arbeidet vart avgrensa til fem lokale tema: Biologisk mangfald, vasskraftutbygging, flaum og ras, befolkningsutvikling og ver og klima. Dette er alle relevante problemstillingar for Skåbu både i fortid, notid og framtid. Elevane var einige om at dei ville lage ei brosjyre. Dei fekk sjølv velje kva for problemstilling dei ville arbeide med, og korleis dei ville presentere det dei hadde funne ut/lært for klassene etterpå. Dei fleste gruppene valde å lage ein power point-presentasjon i tillegg til tekst og bilete i brosjyra. Ei gruppe laga to modellar samt tekst og bilete til brosjyra. Kvar gruppe hadde ein lærar som tok seg av undervisning, tilrettelegging av kjelder og ev ekskursjonar. Elevaktivitetane var knytt til å setje seg inn i diverse kjeldemateriale, fordele arbeidsoppgåver, lage modellar, førebu PowerPoint-presentasjonar, ta kontakt med fagpersonar i nærmiljøet og førebu intervju, planleggje og gjennomføre feltarbeid, halde munnlege framlegg for andre elevar og skrive tekster til brosjyra.

SKÅBU læringsarena

Refleksjon over «Miljøstatus Skåbu 2014»

I prosjektet «Miljøstatus Skåbu 2014» har elevane utforska lokale miljøutfordringar i lys av nasjonale og globale miljøutfordringar. Ras og flaum har teke vegane våre dei siste vårane, raudlisteartar stoppar utbygging av vassdrag og rekreasjonsområder vert påverka av vassdragsutbygging. Dette er tema som opptek mange av elevane, og som fekk dei til å gå i gang med utforskinga. At tema har vore relatert til elevane sin eigen kvardag har skapt motivasjon og engasjement for arbeidet, og spora elevane til å gjere grundig arbeid. 

NRK filmar elevar med Hinøgla-modell. Foto: Skåbu oppvekst NRK filmar elevar med Hinøgla-modell. Foto: Skåbu oppvekst