Hopp til hovedinnhold
Passer for
  • barnetrinn 1-2
  • barnetrinn 3-4

Jorda i potetåkeren

Opplegget er tredelt og knytt til potetdyrking i skulehagen vår som vi ynskjer å drive så økologisk som råd. Resultata kan kome til nytte i det vidare arbeidet med åkeren. Utsikter til betre avling er motiverande i seg sjølv når elevane har etablert eit eigarforhold til åkeren sin.

«Makkane – kva gjer dei?» Nedbryting. Utforske prossessane i ein kaldkompost med meitemark. Fylgje prossessane i ein varmkompost med mikroorganismar.

«Jordsmonn – kva er god jord for poteta?» Sette poteter i kasser med ulikt jordsmonn for å sjå korleis dette verkar inn på utbyttet av avlinga.

«Potetsortar – kva potetsort gjev best avling i åkeren vår?» Sette ulike sortar poteter i skulehageåkeren og samanlikne kvalitetar ved dei ulike sortane.

Læringsarena

a)  «Makkane» blir arbeidd med i klasseromet.

b) «Jordsmonn». Det er viktig at elevane så langt som råd får vere med på å samle «ingrediensane» anten det er sand og tang frå fjøra, husdyrgjødsel frå ein fjøs eller kompostjord frå bingen på skulen. Alt anna praktisk foregår også utandørs, - helst i nærleiken av skulehageåkeren. Arbeid med planlegging, behandling av data og bearbeiding av dokumentasjon vert gjort i klasseromet.

c) «Potetsortar». Ved åkeren.

Undervisning for bærekraftig utvikling

Ved å fylgje poteta sin veg frå åker til bord, og vidare gjennom kjeldesortering, kompostering og jordforbetring i åkeren slik at ein får erfare korleis matavfall kan vere viktig næringsgrunnlag for neste års potetavling, vil ein få fram korleis prosessar i naturen går i syklus. Dette arbeidet er eit godt utgangspunkt for å samanlikne økologisk jordbruk med konvensjonelt jordbruk. Dei konkrete opplevinga knytt til åkeren, vil vere ein referanse som gjer dei i stand til å relatere seg til spørsmål knytt til bærekraftig utvikling seinare i livet med ei større oppleving av eigarskap.

Utforskende arbeidsmåter

Elevane skal utforske ulikt jordsmonn, og ulike potetsortar. Så langt som råd bør elevane få øving i å gjere eigne grunngjevne val for arbeidet sitt.

Grunnleggende ferdigheter

Skriving: I alle tre delane av opplegget, skriv elevane i loggboka. I arbeidet med presentasjonar av opplegga kan ein nytte prossessorientert skriving og mellom anna få trening i mottakarmedvit.

Lesing: Ved del a) vil elevane få trening i å lese og fylgje ei oppskrift/instruksjon. Det er naturleg å knyte opplegga til arbeid med leseforståing. Ein bør oppmuntre elevane til å bruke aktuelle ord og omgrep knytt til prossessane, arbeide med definisjonar og skilje mellom observasjon og tolking.

Rekning: Statistikk. Tabellar og grafiske framstillingar. Måling og samanlikning.

Digitale dugleikar: Presentasjonane kan innebere handsaming av digitale bilete av prossessen og tabellar med tekst og grafiske framstillingar av resultata.